ID 954 Prosjektstilling deltid, ved Fitjar E-sportsenter. Fitjar kommune
Fitjar Kommune Kulturavdelinga
Fitjar, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Person med IKT, gaming kunnskaper, erfaring frå arbeid med ungdom er ein fordel
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Prosjekt, deltid 26%
Arbeidstid
Vakt, dagtid og kveld, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Stillingstittel prosjektmedarbeider Fitjar E-sportsenter
Oppstart etter avtale snarast råd
Tilsettintstype:
Prosjekt, deltid ca. 10 timar per veke skuleåret 2024/25 med mogelegheit for forlenging.
Arbeidstid:
Ettermiddag/kveld og ein del på dagtid vekedagar etter avtale.
Arbeidsspråk:
Norsk
Antall stillinger:
1
Er du interessert i- og har erfaring innan E-sport/gaming, og å jobbe med ungdom?
Fitjar kommune er no i sluttfasen av oppbygging av E-sportsenter for ungdom i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Me søkjer å tilsette ein person som kan delta i arbeidet med å utvikle E- sportsenteret ilag med brukarane.
Me søkjer deg som:
-
Har stor interesse for gaming og e-sport.
-
Likar å omgås med- og kommuniserer godt med ungdom
-
Flink til å bygge nettverk.
-
Er utadvendt og sjølvstendig.
-
Flink til å koordinere og følge opp aktivitetar.
-
Som er en god rollemodell og relasjonsbyggjar.
-
Er initiativrik og har gode samarbeidsevner.
Som prosjektmedarbeidar i denne stillinga kjem du til å samarbeide tett med kultursjef i Fitjar kommune som òg er prosjektleiar for E-sportsenteret, samt ungdom og vaksne frivillige.
Arbeidsstad vil vera både på Fitjar kultur- og idrettsbygg og dels på Fitjar rådhus.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:
-
Medvirke til å utvikle E-sportsenteret til å bli ein brukarvenleg og attraktiv arena for målgruppa.
-
Rekruttere frivillige trenarar som får trenarkurs.
-
Planlegge og gjennomføre turneringar ilag med andre E-sportsenter i nærliggjande kommunar. T. d Stord og Bømlo.
Kvalifikasjonar:
-
Brei erfaring med gaming.
-
Relevant kompetanse frå arbeid med ungdom er ein fordel.
-
Gode IKT - kunnskapar
Personlege eigenskapar:
-
Ryddig og påliteleg
-
God til å bygge relasjonar
-
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-
Engasjert, fleksibel og løysingsorientert
-
Tolmodig og trygg i møte med brukarane av E-sportsenteret
Me tilbyr:
-
Ein spanande jobb.
-
Løn etter gjeldande avtaleverk
-
Trenarkurs for E-sport .
Om bedriften
Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta. Meir informasjon om Stord/Fitjar turlag finn du her
Visit Fitjar inneheld informasjon om ymse aktivitetar i Fitjar.
Litt informasjon om Fitjar turistinformasjon: Fitjar turistinformasjon | Tourist Information | Fitjar | Norway (visitnorway.no)
www.visitsunnhordland.no inneheld mykje informasjon om reisemål, aktivitetar og tenester i Sunnhordland.
Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.
Fitjar kommune ligg midt i Sunnhordland - les meir om regionen her.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2738629
- Sist endret
28. september 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
029456b0-8671-40b6-8361-71f172e83dbf