Hopp til innhold

Faglærar Naturbruk - Fiske og fangst

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal fylkeskommune, Herøy vidaregåande skule

Sted

Lisjebøveien 4, 6091 Fosnavåg

Om jobben

Stillingstittel
Faglærar Naturbruk - Fiske og fangst
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 17. mai

Ved Herøy vidaregåande skule er det frå 01.08.2026 ledig 100% fast stilling som faglærar på Naturbruk - Fiske og Fangst. Næringa er i vekst og utvikling og vi søkjer etter faglærar som vil vere med å forme ungdom på veg inn i den marine næringa.

Herøy vidaregåande skule er ein tradisjonsrik yrkesfagleg skule som utdannar yrkesutøvarar for regionen og nærmiljøet. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen for at elevane skal oppleve å lukkast i utdanninga. Vi er rundt 250 elevar og eit 60-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram:
Bygg- og anleggsteknikk
Helse- og oppvekstfag
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Teknologi- og industrifag

Skulen sin storleik gjer at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i programfag på Naturbruk - Fiske og fangst
  • Funksjon som kontaktlærar kan bli lagt til stillinga
  • Aktiv deltaking i fagleg og pedagogisk samarbeid
  • Oppfølging og veiledning av elever i praktisk arbeid og i utplassering (Yrkesfaglig fordypning)
  • Kontakt og samarbeid med relevante bedrifter innen næringen.
  • I tillegg kan det også bli aktuelt med undervisning i andre fag, som du måtte være kvalifisert til

Kvalifikasjonar

  • Har relevant yrkesteoretisk kompetanse på fagskolenivå eller yrkesfaglærarutdanning
  • Pedagogisk utdanning (PPU-Y) eller vilje til å ta pedagogisk utdanning
  • Erfaring frå fiskeryrket eller fiskeindustrien
  • Erfaring frå arbeid med fiskeredskap
  • Erfaring frå arbeid med håndtering av fisk
  • Kompetanse i bruk av dataverktøy.
  • Navigatørsertifikat, D6 eller høgare
  • God muntleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk
  • Gode digitale ferdigheiter relevant for undervisning
  • Gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som har eit positivt elevsyn og som er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell.

  • Du må like å arbeide med ungdom.
  • Du har eit stort engasjement for faget ditt.
  • Du bidreg til elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • Du har ein inkluderande veremåte.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Du likar godt å samarbeide.
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre du samarbeider med.
  • Personlege eigenskaper vert tillagt vekt i tilsettinga.

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • Rettleiing for nytilsett pedagogisk personale
  • God tilgang til faglige nettverk og faglig utvikling
  • Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • Løns- og arbeidsvilkår i høve lov- og avtaleverk

 

 

 

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Tore Tangen, Rektor, +47 95933931

Arbeidsstad

Lisjebøveien 4
6091 FOSNAVÅG

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5110889318
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Tore Tangen

Rektor

+47 95933931

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0243c0b6-3895-43d4-864f-a18bb4573c71

Sist endret

29. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

62b26d4764684bfea4d4dda073f9e2c1

Lignende annonser

Laster lignende annonser