Hopp til innhold

Hordaland søker journalist

Arbeidsgiver

Avisa Hordaland

Sted

5700 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Hordaland søker journalist
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Hordaland søker journalist

Jobba med oss? No har du sjansen.

Me har nemleg ledig eit vikariat på fulltid som journalist – ut august 2027.

I ei avis som Hordaland betyr journalisten noko ekstra for lokalsamfunnet. Du skapar innhald som folk snakkar om, fordi du kjem tett på, med kort veg til kjelder og saker. Hos oss får du ein utfordrande kvardag der du får jobba med allslags stoffområde på ulike plattformer.

Moglegheitene til å utvikla seg som journalist er eineståande gode. Her kan ideane dine bløma, og det er rom for å utforska og laga innhald på nye måtar.

Du er førebudd på varierte arbeidsoppgåver, forstår kva som er ei god sak, likar høgt tempo, jobbar sjølvstendig med eigne idear, skriv god nynorsk og har førarkort for bil. Du jobbar frå Voss.

Personlege eigenskapar:
  • Sterk motivasjon for å gje lesarane det beste innhaldet
  • Evne til å utvikla og formidla innhald som treffer nye målgrupper
  • Brenn for journalistikk som opplyser, utviklar og underheld samfunnet
  • Trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo og raske val
  • Har lyst til å utvikla deg sjølv og andre til det beste for avisa

Vil du vera eit friskt pust i ei av landets beste lokalaviser? Då søker du jobb som journalist hos oss!

Spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med nyheitsredaktør Terje Hjartnes på 928 53 896 eller klubbleiar Ørjan Brattetveit på 416 23 262.

Send søknad til terje.hjartnes@amedia.no innan 1. mars.

Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden.

Kontaktpersoner for stillingen

Ørjan Brattetveit

Klubbleiar

416 23 262

Terje Hjartnes

Nyheitsredaktør

928 53 896

Om bedriften

Ei avis for mange

Hordaland held til i sentrum av Voss, ei av dei mest innovative bygdene i Noreg. Med toget kjem du deg til både Bergen og Oslo, og turmoglegheitene i og kring bygda er heilt unike. Mange kjenner til Voss gjennom Ekstremsportveko, Voss Cup, skisport eller Vossa Jazz, men Voss har òg ei sterk lokalavis med mange lojale lesarar. Med Voss herad sine 16.000 innbyggjarar, i tillegg til omeignskommunane, vil du som tilsett i Hordaland vera viktig for mange. 

Me treng deg!

Hordaland er ei nytenkande avis med tradisjonelle røter, med store ambisjonar for framtida. Me skal vera ein attraktiv arbeidsstad, driva eit moderne mediehus, laga kvalitetsjournalistikk, vera førstevalet til brukarane og ha ei synleg merkevare. Målet er å bli endå viktigare for dei som brukar oss. Redaksjonen tel 14 tilsette.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0233f161-fe6d-4f17-b7fc-e583f55ce4b2

Sist endret

19. februar 2026

Hentet fra

AMEDIA

Referanse

4556933

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Voss sjukehus, Helse Bergen HF

Sted

Voss

Arbeidsgiver

Voss sjukehus/ Voss Føde- og gynekologisk seksjon, Helse Bergen HF

Sted

Voss