Sommarjobb på Øystre Slidre helsetun
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 2120, 2940 Heggenes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb på Øystre Slidre helsetun
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest onsdag 30. april
I samband med ferieavvikling sommaren 2025 er det behov for vikarar ved:
- Helsetunet, institusjonstenester; i pleie og på kjøkken
- Helsetunet, avd. førebygging og meistring (heimesjukepleia og kortids- og rehab. avd)
- Stogovakter på Helsetunet. Passar for ungdom frå 15 år, og oppgåvene er sosiale aktivitetar saman med bebuarane
- Ergo- og fysioterapeuttenesta
- Vindestogo (dagsenter for personar med demens)
Vi har i hovudsak behov for vikarar i vekene 26-34. Om du jobbar minimum 80% i seks veker mellom veke 26 og veke 34, får du ein bonus på 5 000 kr i tillegg til vanleg løn. Du må i søknaden spesifisere ynskje om arbeidsområde (ev. prioritet), tidsrom og stillingsstorleik. Det vil kunne vera behov for vikarar også utanom sumarferien.
Øystre Slidre kommune har nytt helsetun med institusjonsplassar og bustadar med heildøgns bemanning. Bygget er eit moderne bygg som gir deg gode mogleheiter til å bli kjent med bruk av velferdsteknologi i det daglege arbeidet. Helsetunet er også base for heimetenesta som yter bistand til heimebuande i kommunen.
Søknadar vil bli vurdert og kontakta fortløpande. Ta gjerne kontakt om du er nysgjerrig på å arbeide hjå oss og ønskjer meir info
Vi ønskjer deg velkommen til Øystre Slidre helsetun!
Arbeidsoppgåver
- Delta i daglege oppgåver på dei ulike tenestestadane
- Stillingane på institusjon og i heimeteneste er i turnus med moglegheit for arbeid dag, kveld og natt.
- Ergo- og fysioterapeuttenesta held til på helsetunet og har arbeid på dagtid
- Vindestogo, dagsenter
Kvalifikasjonar
- 3-årig utdanning eller fagbrev innan helse- og omsorgsfag. Det er krav om norsk autorisasjon.
- Studentar innan helse- og omsorgsfag
- Kjøkkenet søkjer kokk eller kokkemedarbeidar. Gjerne med fagbrev, men ikkje eit krav
- Du må levere politiattest før oppstart
- Du bør ha førarkort for bil for å kunne arbeide i Førebygging og meistring (heimetenesta)
- Stogovakter må vere minst 15 år
Personlege eigenskapar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Vi ønskjer at du er sjølvstendig, fleksibel, stabil,positiv, løysningsorientert, og at du har gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Vi kan tilrettelegge turnus, slik at dei som ønskjer kan jobbe innan fleire tenesteområde (t.d. legekontor/helsetun eller legekontor/tilrettelagte tenester)
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- God opplæring og veiledning, opplæring i fagsystem
- Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar med fokus på gode opplevingar for pasient, pårørande og kolleger
- Det kan vere moglegheit for arbeid både før og etter sommarferieperioden
- Gode turmoglegheiter. Vi kan garantere deg unike naturopplevingar og nærleik til flotte turområde
- Godt utval av festivalar og moglegheit for kulturopplevingar
- Vi kan bistå med å finne ein stad å bu
- Det kan vera moglegheit å jobbe i ulike avdelingar innan helse og omsorg
Kontaktinformasjon
Thora Ranum Nyhagen, Demenskontakt, Vindestogo, 61342870Kirsti Bergene, Avdelingsleiar Smørkøll, korttids/rehab, 95811193
Marie Bjørneseth Storrusten, Avdelingsleiar fysio- og ergoterapi, 93230895
Anne Toril Kjonerud, Kjøkkensjef, 41520204
Grete Veisene, Avdelingsleiar Midthøgde (langtidsavdeling) og natt, 45453028
Åse Bolstadbråten, Avdelingsleiar Heimetenesta, 90836809
Anne Bråthen, Avdelingsleiar Juvike (avdeling for personar med demens), 91993201
Arbeidsstad
Bygdinvegen 21202940 Heggenes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4923015138
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 30.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Anne Bråthen
Avdelingsleiar Juvike (avdeling for personar med demens)
91993201
Åse Bolstadbråten
Avdelingsleiar Heimetenesta
90836809
Grete Veisene
Avdelingsleiar Midthøgde (langtidsavdeling) og natt
45453028
Anne Toril Kjonerud
Kjøkkensjef
41520204
Marie Bjørneseth Storrusten
Avdelingsleiar fysio- og ergoterapi
93230895
Kirsti Bergene
Avdelingsleiar Smørkøll, korttids/rehab
95811193
Thora Ranum Nyhagen
Demenskontakt, Vindestogo
61342870
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2868178
- Hentet fra
talentech
- Referanse
34be02677ff64927be3db9b0f21b025b