Hopp til innhold

Undervisningsstilling helsefag

Arbeidsgiver

OPK-ST - Stord vgs, Vestland fylkeskommune

Sted

Vikastemmo 35, 5411 Stord

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Undervisningsstilling helsefag
Type ansettelse
Fast, deltid 30%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 18. mai

Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.

Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN

Skulen har ledig 30 prosent fast stilling med undervisning i programområdet Helse- og oppvekstfag. Stillinga blir knytt til den modulstrukturerte vaksenopplæringa som skulen tilbyr innanfor Helsearbeidarfaget.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i kompetansemål knytt til programfaga på helsefag.
  • Oppfølging av deltakarar i praksis.
  • Samarbeid med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapen.
  • Samarbeid med næringsliv om formidling av læreplass til deltakarane.

Kvalifikasjonar

  • Relevant yrkesfaglærarutdanning/faglærarutdanning/helsefagutdanning.
  • God framstillingsevne i munnleg og skriftleg norsk.
  • Alle undervisningsstillingar krev relevant fagleg og praktisk utdanning. Fylkeskommunen legg til rette for å ta yrkesteori og pedagogikk i stillinga. Søkjarar som ikkje oppfyller krava, kan tilsetjast på vilkår. 
  • Gjerne ha undervisningserfaring frå modulstrukturert opplæring i helsefag

Ved tilsetting vil det bli gjort ei samla vurdering av formell kompetanse, relevant erfaring og personlege eigenskapar som er relevante for stillinga

Personlege eigenskapar

  • Du er inkluderande og oppteken av mangfald
  • Du har god pedagogisk forståing
  • Du er engasjert og positiv, og legg til rette for variert undervisning.

Vi tilbyr

  • Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
  • Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Engasjert fag- og arbeidsmiljø
  • Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer. 

Kontaktinformasjon

Anne Grete Berge Bjelland, avdelingsleiar, 95227581

Arbeidsstad

Vikastemmo 35
5411 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5120651999
Stillingsprosent: 30%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 18.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Anne Grete Berge Bjelland

avdelingsleiar

95227581

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

01c8d557-2869-415d-b429-ef1366018fdd

Sist endret

4. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

04867fd0c42f4bccb890bdcca61ad43a

Lignende annonser

Laster lignende annonser