Hopp til innhold

Bli med og vidareutvikle fruktnæringa i Hardanger!

Arbeidsgiver

Fruktnæringa i Hardanger

Sted

5778 Utne

Om jobben

Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Som marknadsutviklar for fruktnæringa i Hardanger kan du bidra til å sikre ei berekraftig framtid for norsk fruktproduksjon.

Prosjektstillinga er etablert som eit delt samarbeid mellom Frukthagen Hardanger AS (50 %) og dei tre fruktlagera i Hardanger (50 %): Ullensvang Fruktlager SA, Nå Fruktlager SA og Hardanger Fjordfrukt SA. Samla sett representerer desse tre fruktlagera til saman 250 fruktprodusentar i Hardanger.

Stillinga femner om tre hovudområde: sal, marknadsføring og utvikling.
Kjerneoppgåvene skal -- kvar for seg og samla -- bidra til auka sal av Frukthagen Hardanger sine produkt i lokale og nye marknader, og styrka grunnlaget for best mogleg utnytting av frukt dyrka i Hardanger.

Ressursane i prosjektet skal nyttast til felles strategiarbeid, utviklingsoppgåver som t.d. produktutvikling, marknadsføring og sal, samt prosjektretta aktivitetar som gagnar fruktnæringa i Hardanger.

Arbeidstad: Vil variere, men me vil legge til rette for kontorstad hjå ein av partane, der det er mest tenleg for søkjaren. Kandidaten får brei innsikt i bransjen med å vere tilstades hjå alle samarbeidspartnarane.

Stillinga som Marknadsutviklar er i prosjektperioden lagt til enten Ullensvang Fruktlager eller Hardanger Fjordfrukt som arbeidsgjevar.

Det vil bli ein del reising både lokalt og regionalt.

Tiltreding: Snarast, eller etter avtale.

Kvalifikasjonar og personlige eigenskapar:
  • Relevant utdanning innen sal, marknadsføring eller produktutvikling er ønska, men relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

  • Kreativ og løysingsorientert.

  • Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg

  • Generelt gode datakunnskaper

  • Gode samarbeidsevner

  • Evne til å jobbe sjølvstendig

  • Stå på vilje og godt humør

  • Førarkort kl. B og eigen bil.

Kontaktinformasjon: Frukthagen Hardanger AS: Ivar Igland Bleie. ivar.igland.bleie@scandza.com Tlf. 906 08 917, Nå Fruktlager SA: Torleiv Naa Helle, post@naafrukt.no Tlf. 416 62 386, Ullensvang Fruktlager SA: Kari Opedal. kari@ullensvangfruktlager.no Tlf. 992 19 036 Hardanger Fjordfrukt SA: Solveig K. Botnen. solveig@fjordfrukt.no Tlf. 971 99 627,

Om bedriften

Fruktlagera i Hardanger tek i mot til saman 6800 tonn frukt per år. Frukta vert omsett i hele Noreg til daglegvarebransjen, storhushaldningsbransjen og til næringsmiddelindustri.

Frukthagen Hardanger AS ei foredlingsverksemd som pressar industifrukta for maksimal utnytting av råvarer som ikkje har konsumkvalitet. Dette arbeidet er avgjerande for å sikre omsetnad og ein kanal for desse råvarene.

Om oss:

Frukthagen Hardanger AS, 5776 Nå

www.synnove.no/frukthagen-hardanger/

Frukthagen Hardanger er eigd av Scandza Norge, Ullensvang Fruktlager, Nå Fruktlager og Hardanger Fjordfrukt.

Frukthagen Hardanger er eit frukt- og bærpresseri i Hardanger og har lange tradisjonar for bearbeiding av frukt og bær. Me tar imot frukt og bær som ikkje kan nyttast til konsum, og videreforedlar dei til juice og konsentratprodukter, både til industrikundar og direkte til forbrukar gjennom ferdigpakka juice-, brus- og sirupprodukter.

  • Tilsette: 5 fast tilsette + deltidstilsette.

Hardanger Fjordfrukt SA, 5778 Utne, www.fjordfrukt.no.

  • Medlemmer: 144 partseigarar og produsentar av frukt.

  • Tilsette: 5 fast tilsette + ca. 33 sesongtilsette.

Ullensvang Fruktlager SA, 5781 Lofthus, www.ullensvangfruktlager.no

  • Medlemmer: 75 partseigarar og produsentar av frukt.

  • Tilsette: 6 fast tilsette + ca. 35 sesongtilsette.

Nå Fruktlager SA: 5776 Nå.

  • Medlemmer: 30 partseigarar og produsentar av frukt.

  • Tilsette: 1 fast tilsett + ca. 10 sesongtilsette.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

01c0d261-746c-4e92-bfb4-693232e894ae

Sist endret

19. mars 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

453914701

Lignende annonser

Laster lignende annonser