Hopp til innhold

Lis i Karkirurgi

Arbeidsgiver

Kirurgisk klinikk, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Oppstart
19. oktober 2026
Stillingstittel
Lis i Karkirurgi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest mandag 12. oktober

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Kirurgisk klinikk, Avdeling for karkirurgi, har ledig fast stilling som lege i spesialisering (LIS) i karkirurgi, samt eit vikariat i LIS-stilling. Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søke og vil bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar. Vikariat kan tene som del av spesialistutdanninga.

Dette er ein unik moglegheit til å arbeide ved ei av dei mest avanserte og aktive karkirurgiske avdelingane i Noreg. Karkirurgisk avdeling diagnostiserer og behandlar eit breitt spekter av karkirurgiske tilstandar, inkludert open og endovaskulær kirurgi for aneurismer, carotiskirurgi, perifer karkirurgi og aksesskirurgi.

Vi har eit tett samarbeid med intervensjonsradiologisk avdeling, thoraxkirurgi, kardiologi og traumesenteret, og deltar i mottak av multitraumatiserte pasientar. Avdelinga er tertiærsenter for heile Vestlandet.

Vakttenesta inngår deltaking i mottak av multitraumatiserte pasientar i samarbeid med Traumesenteret i Bergen.

Den faste stillinga inngår i den vaktordninga som til einkvar tid gjeld ved Kirurgisk klinikk. For vikariatet kan dette avtalast. 

Vi tilbyr eit strukturert utdanningsløp med fokus på fagleg utvikling og opplæring i både open og endovaskulær karkirurgi. Du vil også delta i forskings- og fagutviklingsaktivitetar, og få rettleiing av erfarne overlegar som er dedikert til å sikre din kompetanseutvikling.

For fast stilling gjeld: Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. 


Arbeidsoppgåver

  • Delta aktivt i utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med karkirurgiske tilstandar
  • Utføre og assistere ved elektive og akutte kirurgiske inngrep
  • Delta i poliklinisk og dagkirurgisk verksemd
  • Bidra i tverrfaglege team og samarbeid med andre spesialitetar
  • Motta rettleiing og bidra til undervisning av medisinstudentar
  • Vere ein aktiv bidragsytar til eit positivt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS, må ha norsk autorisasjon og godkjent turnusteneste/LIS1, eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-stilling i karkirurgi
  • Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1, kan også søke og vil bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar
  • Interesse for karkirurgi og eit ønske om spesialisering innan fagfeltet
  • Søkarar må ha særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Personleg eignaheit blir vurdert som viktig
  • Kjennskap til karkirurgi er ikkje ein føresetnad, men vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Engasjert og motivert for fagleg utvikling
  • Sjølvstendig og trygg i akutte situasjonar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst
  • Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av kandidatar

Vi tilbyr

  • Eit strukturert utdanningsløp innan karkirurgi med fokus på både open og endovaskulær kirurgi
  • Rettleiing og oppfølging frå erfarne karkirurgar
  • Moglegheit til å delta i forskingsprosjekt og fagutvikling
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Moglegheit til å påverke eigen utvikling og bidra til avdelingas retning

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Espen Tyse Gubberud, Avdelingssjef, 97624606

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5186109783
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 19.10.2026
Søknadsfrist: 12.10.2026

Kontaktperson for stillingen

Espen Tyse Gubberud

Avdelingssjef

97624606

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

01b87573-d2b7-49e7-862e-f7cf0549d794

Sist endret

28. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7ce4768bcba04a20ae62f17473a691f9

Lignende annonser

Laster lignende annonser