Spesialist i oral kirurgi og oral medisin ved spesialistklinikken på TkVestland
IDI - Vestland tannhelseteneste, Vestland fylkeskommune
Årstadveien 19, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Spesialist i oral kirurgi og oral medisin ved spesialistklinikken på TkVestland
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 50%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 8. oktober
TkVestland er eitt av fem regionale kompetansesenter i Noreg, og vi tilbyr spesialisttannhelsetenester til befolkninga i Vestland. Praksisnær forsking er høgt prioritert hos oss, og eit sentralt mål er at resultata skal kome både tannhelsetenesta og pasientane til gode.
Vi utfører undersøking og behandling av pasientar som er tilviste frå offentlege og private tannklinikkar. I tillegg driv vi utadretta verksemd gjennom rådgjeving, kurs og hospitering for tannhelsepersonell.
Spesialistklinikken ved TkVestland i Årstadveien 19 har ti moderne behandlingsrom, og vi har òg ein klinikk ved Haukeland sjukehus. Totalt er vi om lag 50 tilsette, med spesialistar innan alle odontologiske fagområde.
Arbeidsoppgåver
Som spesialist i oral kirurgi og oral medisin ved kompetansesenteret arbeider du med pasientar som er tilviste for vurdering, diagnostikk og behandling av orale medisinske tilstandar samt kirurgiske problemstillingar. Mange av desse pasientane har behov for tverrfagleg vurdering og behandling i samarbeid med andre tannlegespesialistar, og du vil ha ei sentral rolle i koordinering og gjennomføring av dette arbeidet.
Arbeidsoppgåvene omfattar òg deltaking i utadretta verksemd, som kurs, fagformidling og andre kompetansehevande tiltak. Dette kan til dømes vere rettleiing og rådgjeving til kollegaer i tannhelsetenesta, med mål om å styrkje fagleg utvikling og kvalitet i behandlingstilbodet. Tannbehandling i narkose kan verte aktuelt.
Kvalifikasjonar
- Du må ha norsk autorisasjon som spesialist i oral kirurgi
- Det er ønskjeleg med relevant arbeidserfaring som oral kirurgi
- Gode formidlingsevner, både munnleg og skriftleg
- Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
- Den som vert tilsett i tannhelsetenesta, må leggje fram gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
Du er ein spesialist som set pasienten i sentrum og som trivst med å jobbe tett på menneske med samansette og krevjande behov.
Vi ser etter deg som:- Arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta, og tek ansvar for eiga fagutøving.
- Møter pasienter med respekt og omsorg.
- Kommuniserer tydeleg og skapar tryggleik hjå pasientar, pårørande og kollegaer.
- Bidreg aktivt i tverrfaglege team og er ein ressurs for fellesskapet.
- Er nysgjerrig og engasjert i fagleg utvikling og deler gjerne kompetansen din med andre.
- Handterer ein variert arbeidsdag med ro og fagleg tryggleik.
Stillingsprosenten kan justerast ved særleg godt kvalifisert kandidat. Søknaden må innehalde referansar og relevante attestar.
Vi tilbyr
- Løn etter avtale.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Utfordrande oppgåver med mykje ansvar i eit sterkt tverrfagleg fagmiljø.
- Gode mogelegheiter for fagleg utvikling.
Kontaktinformasjon
Marita Bjørkelund, Fung. klinikkleiar, 97592838, Marita.Bjorkelund@vlfk.no
Arbeidsstad
Årstadveien 19
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5181793858
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 08.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
819c5c60-4b23-4280-bfdc-363ae97dfee6
- Sist endret
24. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e6a6549cf36d4f80b009908652d36420