Hopp til innhold

Intensivsjukepleiar

Arbeidsgiver

INTENSIV ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Intensivsjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vil du vere ein del av eit sterkt fagmiljø der pasientsikkerheit, kompetanse og samarbeid står i sentrum?

Intensivseksjonen ved Ålesund sjukehus har no ledig ei 100% fast stilling.

Intensivseksjonen i Ålesund er ein beredskapsavdeling med høg fagleg standard og eit engasjert team. Vi behandlar kritisk sjuke pasientar og deltek i hjartestans-, slag-, barn-, MIT-, traume- og MET-team. Hos oss får du:

  • Variert og utfordrande arbeid med intensiv- og overvåkingspasientar.
  • Sterkt fagmiljø med fokus på simulering, kompetanseutvikling og tverrfagleg samarbeid.
  • Moglegheit til fagleg vekst gjennom kurs, fagdager og spesialisering.
  • Trygg og inkluderande arbeidskultur der vi støttar kvarandre og jobbar saman for pasientane.

Intensivseksjonen er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus og omfattar Kirurgisk intensiv, Postoperativ seksjon og Medisinsk intensiv/hjarteovervaking. Som intensivsjukepleiar hos oss, vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, medisinarar, kirurgar, fysioterapeutar og fleire. Vi set fag i fokus og god opplæring vert prioritert.

Vil du arbeide saman med oss i eit spanande fagfelt? Send oss ein søknad i dag!

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til intensivpasientar, OVA og postoperative pasientar
  • Det blir arbeidd for fleksibelt og nært samarbeid på tvers av faggruppene og einingane
  • Å kunne fungere godt i teamarbeid er viktig, saman med høg fagleg interesse og evne til samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar er eit krav
  • Vidareutdanning som spesialsjukepleiar i intensiv er ein fordel
  • Sjukepleiar under vidareutdanning innan intensivsukepleie kan også søkje og bli vurdert
  • Må beherska norsk skriftleg og muntlig

Personlege eigenskapar

  • Du må ha gode samarbeidsevner
  • Du bør vere strukturert og ansvarsbevisst
  • Du bør vere fleksibel
  • Du må kunne trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Du bør vere fagleg engasjert
  • Du skal kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Marit Vatsaas Vinje, Seksjonsleiar, +47 70 10 55 23, Marit.Vatsaas.Vinje@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5059889092
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.01.2026

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

01a613ac-4faf-4682-bda9-eb1a4d2d13e9

Sist endret

22. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

fc9d52fcb9fc420fa92f820b2c337419

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Hatlane omsorgssenter, Ålesund kommune

Sted

Ålesund