Hopp til innhold

Vaken nattevakt 44,83 %

Arbeidsgiver

Nord-Jæren barne- og ungdomssenter- Minde 2

Sted

Mindeveien 8A, 4327 Sandnes

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Vaken nattevakt
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Me søkjer deg som er ein trygg, tydeleg, omsorgsfull, raus og tillitsvekkjande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med- og for ungdom og barn.

Nord-Jæren barne- og ungdomssenter er ein statleg barnevernsinstitusjon som ligg i Sandnes og Stavanger kommune. Senteret har fire avdelingar. Tre av avdelingane er omsorgsinstitusjonar for ungdom, medan éi avdeling er for barn. Alle avdelingane har plass til fire barn eller ungdommar. I Sandnes ligg Minde 1 og Minde 2, og dei held til i eit triveleg nabolag.

Ved Minde 2 er det ledig ein 44,83% fast stilling som miljøterapeut på natt. Tiltreding etter avtale.


Arbeidsoppgåver

  • Du sørgjer for ro og tryggleik for ungdommane våre om natta.
  • Du sørgjer for å vere merksam på branntryggleik, risikovurderingar, lesing av faglitteratur og dokumentasjon.
  • Du utfører praktiske oppgåver knytte til dagleg drift.
  • Du er motivert og forpliktar deg til å arbeide etter det faglege rammeverket vårt.
  • Du jobbar med utviklings- og endringsarbeid saman med andre terapeutar.

Kvalifikasjonar

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) bachelor tilsvarande 180 studiepoeng.
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan lærer,sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning, kan og vurderast.
  • Kandidatar utan 3-årig høgskuleutdanning, men med relevant erfaring, kan også søkje.

Me ser etter deg som

  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Er sjølvstendig i skriftleg arbeid og har god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
  • Har god fysisk og psykisk helse.
  • Har førarkort for personbil kl. B.
Det er ønskeleg med
  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
  • Kjennskap til Barns rettigheitar i institusjon, jfr. barnevernslova. 
  • Kjennskap til Tryggleik og sikkerheit.
  • Kjennskap til Traumebevisst omsorg.

Personlege eigenskapar

  • Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeidar aktivt for å skape forståing og endring.
  • Du er engasjert, og har evne til å motivere andre. 
  • Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevnar, og er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
  • Du er fleksibel, trivast med utfordringar, og tålar hektiske og spanande kvardagar.
  • Du ynskjer å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar. 
  • Du har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.
  • Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
  • Du har evne til å analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.
  • Du har evne til å halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap.

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 - 615 000 pr. år.
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 540 000 - 670 000 pr. år.
  • Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 548 500 - 670 000 pr. år .
  • Ved tilsetjing utan 3-årig høgskuleutdanning kan følgjande stillingskodar vere aktuelle: 1486 miljøarbeidar, p.t.kr 420 000 - 520 000 pr. år, 1203 fagarbeidar med fagbrev, p.t. kr 434 500 - 540 000 pr. år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 - 560 000 pr år.
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Du vert del av ei engasjert, stabil og fagleg dyktig personalgruppe som tek vare på kvarandre.
  • Vi vil tilby deltaking i avdelingsmøte minimum ein gong i månaden, på dagtid onsdagar.

Opplysningar til deg som søkjer:
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Nord-Jæren barne- og ungdomssenter, avdeling Minde 2.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT. 

Kontaktinformasjon

Eli Salte, Avdelingsleder, 46616732, eli.salte@bufetat.no

Arbeidsstad

Mindeveien 8A
4327 Sandnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bufetat

Referansenr.: 5069018850
Stillingsprosent: 44,83%
Fast
Søknadsfrist: 09.02.2026

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

015790be-dd5a-4189-bf39-5b8b86fa6564

Sist endret

10. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

46686820e7d1471e8ef71ddec2db0db3

Lignende annonser

Laster lignende annonser