Eigedomskonsulent
Herøy kommune, Eigedom
Rådhusgata 5, 6090 Fosnavåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Eigedomskonsulent
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 26. mai
Vi har ledig 80 prosents stilling fast stilling som bustadkonsulent med hovudarbeidsoppgåve å administrere utleigeforholda. Dette fordrar tverrfagleg samarbeid med både byggdrift og ulike seksjonar innan helse.
Eigedomsavdelinga har ansvar for å forvalte eigedomane til kommunen og ein del av det er utleige av kommunale husvære og næringseigedomar.
Herøy kommune har per i dag 140 kommunale husvære og 3 lokasjonar med næringsutleige. Husværa spenner frå gjennomgangbustadar til bustadar med bemanning.
Arbeidsoppgåver
- oppfølging av leigeforhold innan bustad og næring
- bistå i tildelingsprosessar
- ordne kontrakt og kontraktsoppfølging
- tilsyn og oppfølging av det
- tverrfagleg samarbeid
- bistå i planoppåver som ligg til avdelinga
- bistå i arbeidet med tilvisingsavtalar
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.
Per i dag er det eit tidsavgrensa arbeid knytt til spelemiddelkoordinator lagt til stillinga (utgjer omlag 20 %)
Kvalifikasjonar
- treårig høgskuleutdanning innanfor administrasjon
- relevant erfaring frå liknande arbeid
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- evne til teamarbeid, samarbeid og sjølvstendig arbeid
- målretta, kreativ og strukturert
- løysningsorientert
- fleksibel
- gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer
- løn etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement
- IA-bedrift
- pensjonsordning og frivillig fritidsforsikring
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Lene Huldal, Avdelingsleiar eigedom, +47 95131137Arbeidsstad
Rådhusgata 56090 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4955966126
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 26.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Lene Huldal
Avdelingsleiar eigedom
+47 95131137
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2938329
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5610b23ea41a484aa73d1a8d12bfb06d