Øvings- og beredskapsmedarbeidar
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
2850 Lena
Om jobben
Stillingstittel
Øvings- og beredskapsmedarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 5. november
Sivilforsvaret søkjer etter øvings- og beredskapsmedarbeidar til Oppland Sivilforsvarsdistrikt. Vi ser etter deg som har interesse for samfunnstryggleik og beredskap, og som ønskjer å bidra til at distriktet og dei tenestepliktige er godt rusta til å gjere ein innsats når det oppstår uønskte hendingar.
Du vil få ei viktig rolle i arbeidet med opplæring, øving og oppfølging av dei tenestepliktige i distriktet. Du er samfunnsorientert, likar å arbeide med menneske, kommuniserer godt og trivst med at ikkje alle dagar er like.
Du skal
Kvalifikasjonar
Du må ha:
Vi ønskjer at du har:
Vilkår
Fast stilling som sivilforsvarsadjutant (stillingskode 0331) med årslønn frå kr 590 000 - 630 000. I tillegg tilkjem kompensasjon for vakt, øving og overtid.
Tryggleiksklarering:
Den som får tilbod om stillinga må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG før tiltreding.
Om Sivilforsvaret, distriktet og stillinga
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og vert leia av Sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret består i fredstid av 8000 tenestepliktige mannskap som er fordelt på 20 sivilforsvarsdistrikt, som kvar leiast av ein distriktssjef. Sentralt nivå er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat leia av assisterande sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvarets hovudoppdrag er å beskytte befolkninga i krise og krig. Sivilforsvaret har mynde og ansvar for ei rekkje sivile beskyttelsestiltak. I fredstid skal Sivilforsvaret sørge for at det blir oppretthaldt god beredskap i heile landet og vera forsterkningsressurs når naudetatane og andre styremakter treng ekstra ressursar. Sivilforsvaret er organisert med lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrker beståande av tenestepliktige mannskap og befal. Eit eige kompetansesenter har ansvaret for utdanning og opplæring. Det er totalt ca. 230 tilsette i Sivilforsvaret, fordelt på distrikta og Sivilforsvarsavdelinga. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag frå nord til sør. Sivilforsvaret bidreg også internasjonalt med ulike kapasitetar. Sivilforsvaret er ein uniformert etat.
Oppland Sivilforsvarsdistrikt held til på Starum i Østre Toten kommune og har per i dag sju fast tilsette og nærare 400 tenestepliktige. Distriktet samarbeider tett med naudetatane (politi og brannvesen), men også med Forsvaret, kommunane i fylket, statsforvaltaren, frivillige organisasjonar og andre verksemder.
Stillinga som øvings- og beredskapsmedarbeidar inngår i distriktets stab, og du vil samarbeide og samhandla tett med dei andre stabsfunksjonane som dekkjer administrasjon, logistikk og personellforvaltning. Dette betyr at stillinga på enkelte område også vil ha overlappande oppgåver med dei andre stabsfunksjonane. Hovudarbeidsområdet i stillinga er å identifisere langsiktige øvings- og treningsbehov, og planleggje og gjennomføre øving og trening av distriktets innsatspersonell. I dette inngår også saksbehandling og forvaltning av regelverket knytt til teneste i Sivilforsvaret. Den som blir tilsett i stillinga må vere fleksibel når det gjeld oppgåver og behov ved distriktet, og må trivast med å arbeide både ute og inne. Ved større hendingar må du vere innstilt på å stille på jobb på kort varsel, og det må reknast med arbeid utanfor ordinær arbeidstid. Distrikta har vaktordningar der den enkelte medarbeidaren går i turnus.
Noko reiseverksemd må reknast med.
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 800 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsordningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen/sikkerhet-i-dsb
Hos oss får du
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
distriktssjef Elin Heier Jorstad:
E-post: elin.jorstad@dsb.no
Telefon: 61 14 10 60
Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på jobb.dsb.no/search
Velkomen som søkjar hos oss!

- planleggje og gjennomføre trening og øving av tenestepliktige
- delta i stabs- og leiarfunksjonar ved innsatsar og hendingar
- planleggje og gjennomføre samvirkeøvingar og aktivitetar med ulike beredskapsaktørar og samarbeidspartnarar
- oppdatere og vidareutvikle aktuelt planverk, mellom anna beredskapsplanar
- utføre administrative oppgåver og saksbehandling
- delta i gjeldande vaktordning ved distriktet
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- minimum relevant ett-års studium frå høgskule/universitet/fagskule. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- erfaring med digitale verktøy (mellom anna Office)
- førarkort klasse B
- følgjande personlege eigenskapar:
- sjølvstendig
- initiativrik og utviklingsorientert
- lagspelar
- gode kommunikasjonsevner
- strukturert
Vi ønskjer at du har:
- godkjend førstehjelpsutdanning
- erfaring som rettleiar/instruktør eller erfaring frå opplæring/undervisning
- erfaring frå administrativt og/eller operativt beredskapsarbeid
- erfaring med bruk og drift av sambandssystem
- utvida førarkort (BE, D1, D1E, C)
Vilkår
Fast stilling som sivilforsvarsadjutant (stillingskode 0331) med årslønn frå kr 590 000 - 630 000. I tillegg tilkjem kompensasjon for vakt, øving og overtid.
Tryggleiksklarering:
Den som får tilbod om stillinga må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG før tiltreding.
Om Sivilforsvaret, distriktet og stillinga
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og vert leia av Sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret består i fredstid av 8000 tenestepliktige mannskap som er fordelt på 20 sivilforsvarsdistrikt, som kvar leiast av ein distriktssjef. Sentralt nivå er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat leia av assisterande sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvarets hovudoppdrag er å beskytte befolkninga i krise og krig. Sivilforsvaret har mynde og ansvar for ei rekkje sivile beskyttelsestiltak. I fredstid skal Sivilforsvaret sørge for at det blir oppretthaldt god beredskap i heile landet og vera forsterkningsressurs når naudetatane og andre styremakter treng ekstra ressursar. Sivilforsvaret er organisert med lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrker beståande av tenestepliktige mannskap og befal. Eit eige kompetansesenter har ansvaret for utdanning og opplæring. Det er totalt ca. 230 tilsette i Sivilforsvaret, fordelt på distrikta og Sivilforsvarsavdelinga. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag frå nord til sør. Sivilforsvaret bidreg også internasjonalt med ulike kapasitetar. Sivilforsvaret er ein uniformert etat.
Oppland Sivilforsvarsdistrikt held til på Starum i Østre Toten kommune og har per i dag sju fast tilsette og nærare 400 tenestepliktige. Distriktet samarbeider tett med naudetatane (politi og brannvesen), men også med Forsvaret, kommunane i fylket, statsforvaltaren, frivillige organisasjonar og andre verksemder.
Stillinga som øvings- og beredskapsmedarbeidar inngår i distriktets stab, og du vil samarbeide og samhandla tett med dei andre stabsfunksjonane som dekkjer administrasjon, logistikk og personellforvaltning. Dette betyr at stillinga på enkelte område også vil ha overlappande oppgåver med dei andre stabsfunksjonane. Hovudarbeidsområdet i stillinga er å identifisere langsiktige øvings- og treningsbehov, og planleggje og gjennomføre øving og trening av distriktets innsatspersonell. I dette inngår også saksbehandling og forvaltning av regelverket knytt til teneste i Sivilforsvaret. Den som blir tilsett i stillinga må vere fleksibel når det gjeld oppgåver og behov ved distriktet, og må trivast med å arbeide både ute og inne. Ved større hendingar må du vere innstilt på å stille på jobb på kort varsel, og det må reknast med arbeid utanfor ordinær arbeidstid. Distrikta har vaktordningar der den enkelte medarbeidaren går i turnus.
Noko reiseverksemd må reknast med.
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 800 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsordningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen/sikkerhet-i-dsb
Hos oss får du
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/
- nødvendig opplæring for å fungere i stillinga der spesialkompetanse krevst
- moglegheiter for vidareutvikling i stilling
- hyggjelege og kompetente kollegaer
- fleksibel arbeidstid
- bedriftshelseteneste
- høve til å trene i arbeidstida
- tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
distriktssjef Elin Heier Jorstad:
E-post: elin.jorstad@dsb.no
Telefon: 61 14 10 60
Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på jobb.dsb.no/search
Velkomen som søkjar hos oss!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0128c973-f4e0-4e9b-bc4e-536699afea03
- Hentet fra
sap
- Referanse
1330 1810VETR Oppland sfd
Lignende annonser
Materiellrådgjevar
Arbeidsgiver
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
Sted
Lena
Eiendomsforvalter 100 % fast stilling
Arbeidsgiver
Østre Toten kommune Bygg og Eiendom
Sted
Lena
Flere ledige stillinger som helsefagarbeider
Arbeidsgiver
Søndre Land kommune Mestring og velferd
Sted
Hov