Hopp til innhold

Helsesekretær/sekretær

Arbeidsgiver

Kirurgisk serviceseksjon Førde, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Helsesekretær/sekretær
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 9. august

Kirurgisk serviceseksjon ved Førde sentralsjukehus har ledige vikariat som helsesekretær/sekretær. 

Vi har ledig to vikariat i 100 % stilling frå september 2026 til februar 2027
Oppstart etter nærare avtale

Kirurgisk serviceseksjon har om lag 30 tilsette som utfører sekretæroppgåver for dei kliniske avdelingane i Kirurgisk klinikk: ØNH-/Kjeveavdeling, Augeavdeling, Kvinneklinikken, Kirurgisk avdeling, Ortopedisk avdeling, Dagkirurgisk senter og Skopi-, urologi- og operasjonspoliklinikken. 

Sjå videoen der Marielle fortel om kvardagen som helsesekretær – og kva som gir jobben hennar meining og verdi.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i elektronisk pasientjournalsystem (DIPS Arena) 
  • Pasientservice
  • Timebestilling (poliklinikk, sengepost og ventelister) 
  • Telefonadministrasjon
  • Andre førefallande pasientadministrative og pasientretta oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsesekretær eller helsefagarbeidar er ønskjeleg, men erfaring som sekretær/erfaring frå helsesektoren kan kompensere for formell utdanning
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Gode datakunnskapar
  • Det er ein fordel med kjennskap til sjukehuset sine datasystem

Personlege eigenskapar

  • Du evner å møte pasientar og kollegaer på en positiv og respektfull måte
  • Du er sjølvstendig, proaktiv, strukturert og nøyaktig
  • Du trivst med å arbeide i eit aktivt og tverrfagleg miljø
  • Du er pliktoppfyllande, serviceorientert og til stades for pasientar og kollegaer
  • Du trivst med varierte arbeidsoppgåver og samarbeid på tvers av fagmiljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein spennande og utfordrande arbeidskvardal 
  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver med moglegheit for fagleg og personleg utvikling


    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Gitta Sas, Seksjonsleiar, +47 482 33 391

    Arbeidssted

    Svanehaugvegen 2
    6812 Førde

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Helse Førde

    Referansenr.: 5141740212
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Søknadsfrist: 09.08.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Gitta Sas

    Seksjonsleiar

    +47 482 33 391

    Om bedriften

    Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

    Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    0109fbb7-c795-4e6f-b894-b687d412562e

    Sist endret

    16. juli 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    604950b2548e4d9098fe7b4df893f476

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser