Hopp til innhold

Badevakt i Gol symjehall

Arbeidsgiver

Gol kommune Kulturavdelinga

Sted

Gamlevegen 4, 3550 Gol

Om jobben

Type ansettelse
Fast, deltid 12%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk
Mulighet for hjemmekontorAI
Ingen mulighet for hjemmekontor
AI

Bruk av kunstig intelligens

Søk på jobben

Søk senest søndag 23. august

Har du lyst på jobb som badevakt? Gol kommune søkjer badevakt til Gol symjehall frå september 2026 i ein 12% stilling. 

Gol symjehall er ein viktig møteplass for innbyggjarar og tilreisande frå heile Hallingdal. Kvart år har vi om lag 3 500 besøkande, mellom anna familiar, mosjonistar og andre badegjester. Anlegget har eit 25 x 12,5 meter stort basseng med fem banar, stupeanlegg og badstover. Det er alltid to tilsette på jobb når symjehallen er open.

Arbeidsoppgåver
  • Sal av billettar og kundeservice
  • Badevakt og tilsyn i symjehallen
  • Tilsyn med garderobar, dusjar og badstover
  • Bidra til eit trygt og triveleg miljø for alle besøkande

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som:

  • er ein trygg og dyktig symjar
  • er fylt 17 år
  • kan kommunisere godt på norsk
  • er ansvarsfull og serviceinnstilt

Opplæring i livberging vil bli gitt. Det er krav om at du består livbergingsprøva.

Arbeidstid
Arbeidstida er:

  • tysdagar og torsdagar kl. 17.00-21.00
  • i perioden oktober til april kjem det i tillegg laurdagsvakter kl. 11.00-15.00
Vi tilbyr
  • eit triveleg arbeidsmiljø
  • meiningsfulle arbeidsoppgåver med ansvar for tryggleik og service
  • opplæring og oppfølging i rolla som badevakt

Har du interesse for symjing og ønskjer ein variert deltidsjobb? Då vil vi gjerne høyre frå deg! ????


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Mads Elbrønd

+47 40916449

mads.elbrond@gol.kommune.no

Om bedriften

Gol er utdannings- og handelsknutepunkt i Hallingdal og husar ca. 5 000 innbyggarar. Universitetet i Sørøst-Noreg etablerer eit Campus Hallingdal på Gol i 2024. Vi satsar på utdanning, innovasjon og forsking. Golnøklane, samskaping, innbyggardialog og berekraft låser opp det ”Gode liv på Gol” for våre besøkande og fastbuande. Vi kan tilby svært gode forhold for ei aktiv fritid, anten det er friluftsliv eller kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol ligg midt imellom aust og vest med kort veg til både Oslo og Bergen. Det er Bergensbanen som bind oss saman med Noregs to største byar. Kommunen er inkluderande og familievennleg. Vi har både ny 1–10 skole og ny idrettshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod med både vidaregåande skule, folkehøgskule og snart eit universitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

00f7e27c-6492-4114-a2c9-48dcf842c153

Sist endret

6. august 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3651037_177467_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser