Hopp til innhold

Psykologspesialist

Arbeidsgiver

Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF

Sted

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Psykologspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 3. august

Vil du vere med å forme framtidas sikkerheitspsykiatri? 

Vi søker ein varm og klok psykologspesialist til fast stilling ved Regional sikkerheitsavdeling (RSA), Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen. 

Hos oss får du arbeide med ei kompleks og spennande pasientgruppe i eit sterkt fagmiljø, med gode moglegheiter for fagleg utvikling, påverknad og fordjuping. 

Regional sikkerheitsavdeling (RSA) er ein del av Klinikk sikkerheitspsykiatri, som er organisert under Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken består av seks seksjonar og tilbyr spesialiserte tenester innan sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. 

RSA har 10 sengeplassar og gir tilbod til pasientar i Helse Vest med alvorlege psykiske lidingar og høg voldsrisiko. Pasientane har ofte samansette utfordringar, inkludert ruslidingar, personlegdomsforstyrringar og utviklingsforstyrringar. 

Vi arbeider tett tverrfagleg og legg vekt på: 

* fagleg refleksjon og rettleiing 
* strukturert pasientarbeid 
* klinisk fordjuping 
* samarbeid  

Avdelinga er også i utvikling, blant anna med etablering av eit tilbod til barn og unge (RSA Ung Vest), samt deltaking i utviklinga av Nye Sandviken.  

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og kartlegging, herunder kognitiv kartlegging, og diagnostiske vurderingar   
  • Behandling og oppfølging av pasientar 
  • Utarbeide valdsrisikovurderingar og valdsrisikohåndteringsplanar 
  • Rettleiing av personale 
  • Undervisning internt og eksternt 
  • Bidra i tverrfagleg samarbeid 
  • Oppgåver på tvers av seksjonar ved behov 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog 
  • Spesialisering i klinisk vaksenpsykologi og/eller nevropsykologi 
  • Erfaring med eller interesse for: 
    - risikovurdering 
    - alvorlege psykiske lidingar  
    - personlegdomsforstyrringar og rus
    - utviklingsforstyrringar
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg 
  • Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevne
  • Ryddig og strukturert
  • Tilpassingsdyktig
  • Gode kommunikasjonsevne

Vi tilbyr

  • Eit sterkt og engasjert fagmiljø 
  • Spennande og komplekse kliniske oppgåver 
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og spesialisering 
  • Rettleiing og deltaking i faglege forum 
  • Konkurransedyktige vilkår 
  • Moglegheit til å påverke utviklinga av framtidas sikkerheitspsykiatri  

Politiattest må leggast fram ved tilsetjing 


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Marthe Halvorsen Kjærstad, kst klinikkleiar, 90936016

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5149278061
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Marthe Halvorsen Kjærstad

kst klinikkleiar

90936016

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

00f38fb8-056f-4777-9e62-31d054924fcd

Sist endret

23. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

29ad78d3fbf9499ca0b0e5a114d47242

Lignende annonser

Laster lignende annonser