Hopp til innhold

Kundeservice medarbeider

Arbeidsgiver

Kundesenter, Helse Vest IKT

Sted

Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Kundeservice medarbeider
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 25. mars

Har du lyst å løyse datautfordringar og få ein sterk start i Vestlandets største IKT‑selskap?

Hos Kundesenteret jobbar du med 1. linje brukarstøtte for alle PC‑brukarar i Helse Vest. Vi handterer førespurnader via telefon, web, e-post og løyser to av tre saker ved første kontakt.
Du blir del av ein kompetent servicedesk som jobbar etter ITIL sin Incident Management‑prosess, i eit miljø prega av samarbeid og læring.

 

Arbeidstid mellom 07:00 - 16:00

Søknadar utan vitnemål vert ikkje vurderte

Arbeidsoppgåver

  • 1.linjesupport, betening av førespurnader per telefon, web og e-post
  •  Feilsøking på utstyr og programvare via fjernstyring
  •  Dokumentere/logge alle førespurnader i vårt saksbehandlingssystem (Assyst)

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå brukarstøtte/kundekontakt per telefon
  • Krav til flytande norsk munnleg og skriftleg
  • IKT utdannelse

Personlege eigenskapar

  • Empati, og evne til å forstå brukaren sine utfordringar 
  • Problemløysande tilnærming til verda
  • Målretta og resultatorientert
  • Gode samarbeidsevner, evne til å arbeide i team
  • Initiativrik og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Påliteleg

Vi tilbyr

  • Eit høgt fokus på personleg og fagleg utvikling
  • Fellesskap med motiverte, inkluderande og kunnskapsrike kollegaer
  • Eit godt sosialt miljø, med blant anna eigen kaffiklubb og Brettspillklubb
  • Gode arbeidsverktøy
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsvilkår

Kontaktinformasjon

Thomas Yrvin, Seksjonsleiar, +47 99558021

Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29
5052 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

Referansenr.: 5094595242
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Thomas Yrvin

Seksjonsleiar

+47 99558021

Om bedriften

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.

Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

00a4c8eb-41ef-4dab-9fdd-e8dac75cf8ef

Sist endret

11. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6b27fae0e43e43c0bebd9f41e67e9c6b

Lignende annonser

Laster lignende annonser