Rektor Kinn kulturskule
Kinn kommune
Livius Smittgate 20, 6905 Florø, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rektor Kinn kulturskule
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. mai
Kinn kommune har ledig 100% fast stilling som rektor ved Kinn kulturskule. Stillinga er i dag delt med 90% administrasjons- og leiaroppgåver og 10% undervisning, og er ledig frå 01.08.2025. Kinn kulturskule er organisert under oppvekst og undervisning, og har ei avdeling i Måløy og ei avdeling i Florø med felles leiing. Hovudbase er i Florø, og rektor må pårekne reising mellom Florø og Måløy.
Kulturskulen sitt samfunnsoppdrag er forankra i opplæringslova §§26-1 og 26-2, og rektor har ansvar for å vidareutvikle kulturskule-/kulturtilbodet i samsvar med samfunnsoppdraget, innanfor aktuelle omstillingsprosessar i Kinn kommune.
Kinn kulturskule har eit inkluderande kulturskuletilbod som speglar både lokale og internasjonale kulturelle uttrykk og identitetar. Kulturskulen har ca 20 tilsette og har eit godt pedagogisk og utøvande fagmiljø innan dei estetiske faga musikk, visuell kunst og dans. Hausten 2025 vil skulen ha omlag 600 elevplassar. Dette inkluderer elevplassar utover grunnskulealder.
Meir informasjon om Kinn kulturskule er å finne på www.kinnkulturskule.no
Arbeidsoppgåver
Rektor har pedagogisk, administrativt og økonomisk ansvar innanfor tildelt ramme. Det ligg og personalansvar for organisasjonen sine tilsette til stillinga.
Som rektor skal du:
- Utføre arbeidsoppgåvene slik dei er nedfelt i kommunen sine styringsdokument, og såleis bidra til å nå mål og delmål
- Sikre god styring av eininga gjennom effektiv bruk og forvaltning av tildelte økonomiske ressursar i samsvar med budsjett og økonomireglement
- Legge tilrette for gode læringsprosessar, der ein set profesjonsutvikling, barna og elevane sitt læringsmiljø og læringsutbytte og sosial samhandling i sentrum
- Vere ansvarleg for at organisasjonen sitt samfunnsoppdrag vert utført i samsvar med lov og regelverk, og etablere eit godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
- Utvikle kulturskuletilbodet saman med dei tilsette, jobbe med rekruttering og initiere samarbeidsprosjekt med kommunale tenester og frivillige lag og organisasjonar (t.d. frivilleg musikkliv)
- Legge tilrette for ulike arrangement i regi av kulturskulen, gjennom året
- Utføre administrativ arbeid som t.d. inntak av elevar, rapporteringsarbeid og liknande.
Rektor deltek og bidreg i leiarnettverk i kommunen og i oppvekstsektoren.
Kvalifikasjonar
Utdanning:- Minst tre års erfaring fra undervisning i skule/kulturskule
- Leiarutdanning og/eller relevant leiarerfaring
- Økonomiforståing og kjennskap til lov- og avtaleverk
- Forvaltningskompetanse
- Kompetanse på leiing av utviklingsarbeid innan estetiske fag
- Erfaring med korpsleiing, lyd, akustikk og teknikk
- God IT-kunnskap
- Ein god og aktiv utøvar
- Kommunikasjonsevne på norsk; skriftleg og munnleg
- Kommunikasjonsevne på engelsk; skriftleg og munnleg
- Førarkort for bil klasse B
- Kjennskap til, og forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og fag
Undervisningsdisiplin:
- Søkjar er opptatt av pedagogikk og utvikling av skulen, og kan utvikle og gjennomføre langsiktige mål
- Delta i både kommunen og NKR (Norsk kulturskuleråd) sine leiarnettverk.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein:
- samlande og tydeleg leiar med samfunnsengasjement og visjonar for kulturskulen si utvikling og eigenart
- lagbyggjar som kommuniserer og samhandlar godt med barn og voksne, og som nyttar og inkluderer mangfaldet i miljøet på ein utviklande måte
- som har pågangsmot, godt humør og er løysingsorientert
- som er opptatt av elevane si læring og utvikling, og er ein pådrivar for å utvikle kulturskule-/kulturtilbodet etter eigne, kommunale og nasjonale mål
- som har blikk for for kulturskulen si rolle lokalt, nasjonalt og internasjonalt
- som er trygg og uredd i rektor-rolla, ivaretek medverknad, tek avgjersle og har gjennomføringskraft
- som har god systemforståing. god kjennskap til kulturskulen sine styringsdokument, samt HMS-arbeid
- som har gode samarbeidsevne, og er ein aktiv bidragsytar inn i oppvekstmiljøet og leiarkollegiet
Det vil bli lagt stor vekt på det å vere personaleg eigna. Vi ønskjer at søkjar gjev uttrykk for eigne tankar om leiarrolla i søknaden.
Vi tilbyr
- Ei spennande og utfordrande stilling i ei kystkommune med tilgang til varierte kultur- og naturopplevingar
- Fagleg leiarfellesskap
- Hyggjeleg arbeidsmiljø med høg kompetanse og engasjerte kollegaer
- Støtteapparat på kommunalt nivå
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Lønn etter avtale
Arbeidstakar vert tilsett i Kinn kommune etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, inkludert i pliktig medlemsskap i pensjonskasse (KLP).
Prøvetida er 6 månader.
Tilsetting føreset framlegging av godkjent politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Tuberkuloseattest i samsvar med forskrift.
Offentleg søkjarlisteOpplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bedt om å bli unnateke offentlegheit. Kinn kommune vil varsle søkjarar som har bedt om unntak frå offentlegheit, dersom dette ikkje kan imøtekommast (offentlegheitslova §25). Det vil gå fram av den offentlege søkjarlista kor mange søkjarar det er til stillinga og kva for kjønn søkjarane har.
Kontaktinformasjon
Runa Nybakk, Kommunalsjef for oppvekst og undervisning, +47 48282533Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4952162947
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 25.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Runa Nybakk
Kommunalsjef for oppvekst og undervisning
+47 48282533
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.419 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2933738
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e6b73d223156416ab66dac0f9f8b365c