Hopp til innhold

Sauda vgs - undervisningsstillingar i norsk og engelsk

Arbeidsgiver

Rogaland fylkeskommune

Sted

Griegs gate 40, 4200 Sauda

Om jobben

Stillingstittel
Faglærar i norsk og engelsk
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 13. september

Arbeidsoppgåver:

Frå 1. september 2026 har me ledig inntil 200 % undervisningstilling innan norsk og engelsk. Stillingane er vikariat og varer frå d.d og til 31.07.2027.

Me er på jakt etter deg som ønsker å bidra til det allereie gode faglege samarbeidet i teamet ved avdelinga, og som vil vere med på å skape eit trygt og godt læringsmiljø både for elevar og kollegaar. 


Me ser etter deg som har følgjande kvalifikasjonar:

  • undervisningskompetanse i norsk og/eller engelsk (minimum 60 studiepoeng) 
  • PPU
  • godkjent politiattest
  • førarkort klasse B

 

Om du finn skulen og stillinga interessant, men manglar delar av kompetansen, oppfordrar me deg likevel til å søka.


Me ønskjer og at du:

  • er flink på klasseleiing og kommunikasjon med elevar 
  • er ein god relasjonsbyggar til elevar, kollegaar og føresette 
  • har evne til å sjå potensialet til elevane 
  • har eit fagleg engasjement

Me søker ein person som kan skape eit godt læringsmiljø og legge til rette for gode læreprosessar for elevane. Klasseleiing, kommunikasjon, samarbeid og engasjement står sentralt. Det same gjer evne til nytenking og bruk av digitale verktøy. Utdanning, erfaring og personleg dugleik vil bli vurdert i ein heilskap.


Hos oss kan du sjå fram til mykje bra, og me tilbyr:

  • utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap 
  • høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø 
  • ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet 
  • gode faglege utviklingsmoglegheiter 
  • offentleg tenestepensjon og forsikringsordningar 
  • lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk

Søknaden din bør innehalde:

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Vitnemål (henta frå vitnemålsportalen.no) og attestar
  • Dersom du har utdanning frå utlandet: godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)

Korleis søkje på stillingar hos oss:

Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.

CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.

Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase – Hjelp for jobbsøkjarar

Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.

Vi set stor pris på innsatsen du legg i søknaden din, og vi blir veldig glade om du som aktuell søkjar sender inn ein søknad til oss!

 


Kontaktperson for stillingen

Aarhus, Arnhild Marie Hauge

Avdelingsleder

48283169

arnhild.aarhus@skole.rogfk.no

Om bedriften

Rogaland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsgivarane i fylket, med rundt 4300 tilsette. Me jobbar saman for eit grønt og attraktivt Rogaland.
Vil du vere med og byggje eit betre Rogaland saman med dyktige og engasjerte kollegaer?

Vårt samfunnsoppdrag

Rogaland fylkeskommune står framfor ei spennande tid, prega av både utfordringar og moglegheiter. Gjennom visjonen vår «Saman for eit grønt og attraktivt Rogaland»forpliktar me oss til å vere ein drivkraft for god samfunnsutvikling i heile fylket. Denne visjonen ligg til grunn for alt me gjer, og speglar målet vårt om å skape eit Rogaland som er attraktivt for både innbyggjarar og besøkande.

Rogaland fylkeskommune vil mellom anna:

  • bidra til utvikling av levande og attraktive byar, sentrum og lokalsamfunn gjennom kompetanse, nettverksbygging, heilskapleg innsikt og gode prosessverktøy
  • sikre utdannings- og kompetansemoglegheiter i heile fylket
  • bidra til eit kortreist kvardagsliv gjennom samordna areal- og transportplanlegging
  • bistå kommunane med å leggje til rette for ei kunnskapsbasert og heilskapleg bustadforsyning som tek omsyn til både effektiv arealbruk og bustadmangfald
  • arbeide for gode og trafikksikre løysingar for gåande, syklande og dei som reiser kollektivt

Sauda vidaregåande skule: 

Sauda vidaregåande skule er ein kombinert skule med variert tilbod innan yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. I tillegg har skulen førebuande tilbod for minoritetsspråklege elevar. Skulen har status som regionalt kompetansesenter i Indre Ryfylke og er samstundes eit opplæringssenter innan vidaregåande opplæring for vaksne. Det er om lag 450 elevar og 100 tilsette ved skulen. Skulen er den einaste vidaregåande skulen i Indre Ryfylke og er lokalisert tre ulike stader i to kommunar. 

Hovudavdelinga ligg på Lofthus i Sauda kommune. Dei andre ligg på Birkeland i Sauda kommune og Sand i Suldal kommune. Skulen har som mål at alle elevane skal trivast og lukkast med utdanninga og framtidsplanane sine. Skulen kan vise til gode resultat gjennom mange år og har ein kultur prega av engasjement, tillit, høg fagleg kompetanse og samarbeid i heile organisasjonen. 

Skulen søker nye og framtidsretta løysingar og tilbod. Fleire spennande nisjetilbod gjer at mange elevar flyttar til Sauda eller Sand på hybel og internat. Me fokuserer på å ta imot tilreisande elevar på ein god måte.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

009dead2-3868-4613-ac3f-36fb25cedaf0

Sist endret

28. august 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10307340

Lignende annonser

Laster lignende annonser