Hopp til innhold

Sauda ungdomsskule søkjer

Arbeidsgiver

Sauda kommune Sauda ungdomsskule

Sted

Rådhusgata 32, 4200 Sauda

Om jobben

Stillingstittel
Rektor
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 24. september

Sauda ungdomsskule er ein 8.-10. skule med ca 180 elevar. Skulens leiing består av rektor i 100% og avdelingsleiar i 100%.Skulen er ein MOT-skule med visjonen «Saman for vår framtid.» Visjonen uttrykkjer ei tru på at den beste skulen skaper vi saman med elevar, føresette og tilsette.Skulane i Sauda skal stå fram som lærande organisasjonar der fagleg utvikling gjennom kollektiv kompetanseutvikling står sentralt. Nynorsk er hovudmål.Rektor er organisert under kommunalsjef for oppvekst. Rektor er einingsleiar og har eit sjølvstendig ansvar for fag, økonomi og tilsette, og går inn i eit leiarnettverk med rektorar frå dei andre skulane i kommunen og i interkommunalt samarbeid.Sauda kommune ser etter deg som kan og vil vera og gjera ein skilnad for barn og unge. Du har evne til nytenking, er initiativrik og har god gjennomføringsevne.

Ansvar- og arbeidsoppgåver

  • Sikre alle elevar eit trygt og godt læringsmiljø
  • Følgje opp den lokale BTI-modellen for tidleg og tverrfagleg innsats
  • Styre og leie kollektivt kompetanseutviklingsarbeid
  • Aktiv deltaking i kommunalsjefen sitt leiarteam og i regionalt samarbeid om kompetanseutvikling
  • Utøve internkontroll jmfr. forskrift
  • Personaloppfølging
  • Administrativ og økonomisk styring

Kvalifikasjoner

  • Høgare utdanning med relevant pedagogisk utdanning
  • Leiarutdanning (har, eller ønskjer å ta)
  • Undervisningserfaring, gjerne frå ungdomstrinnet
  • Gode norskdugleikar, munnleg og skriftleg
  • God digital kompetanse

Me søkjer deg som 

  • kommuniserer trygt og godt, skriftleg og munnleg
  • kan leie og motivere medarbeidarar til samarbeid og målretta utviklingsarbeid
  • kan leie og styre det pedagogiske arbeidet slik at det bidreg til eit godt læringsutbyte for kvar elev
  • kan gi og ta imot rettleiing
  • har god kjennskap til- og forståing for opplæringslova
  • har god økonomisk styring 

Personlege dugleikar vil bli vektlagt. 

Me kan tilby

  • Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
  • Ein interessant jobb med konkurransedyktige løns- og arbeidstilhøve
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens Pensjonskasse

Tilsetjingsvilkår

Den som vert tilsett, vil vera underlagt dei løns- og arbeidsvilkår som går fram av gjeldande lover, forskrifter og avtalar for Sauda kommune. Ved tilsetjing vil vi krevje godkjent politiattest. Det vert inngått eigen leiaravtale.

Søknad sendes

Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønningskontoret på mail til lonn@sauda.kommune.no eller på telefon 52 78 62 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren ber om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dersom du oppgir grunngjeving for å bli unnateken frå offentleg innsyn i søknaden din, og oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli informert, jf. offentleglova § 25.Velkomen som søkjar!Les meir om å jobbe, bo og leve i Sauda her: https://visitsauda.no/ny-i-sauda/ 
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Målfrid Selvik Årthun

Kommunalsjef Oppvekst

+47 48290685

malfrid.selvik.arthun@sauda.kommune.no

Om bedriften

Sauda kommune ligg i vakre Ryfylke og har ca 4600 innbyggarar. Historisk er Sauda mest kjend som ein vasskraft- og industrikommune, men me har nå eit variert og innhaldsrikt næringsliv. Sauda er ein kompakt småby med nærleik til "alt". Me har jobbmogligheiter, tomter, servicefunksjonar, gode skular, rikeleg med barnehageplassar og er omgjeven av fantastisk natur.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

61479e0f-3b5b-4b72-bd57-ef6c2b3659ff

Sist endret

4. september 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3658553_200795_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser