Operasjonssjukepleiar
Operasjonsenhet, anestesi, intensiv og operasjonsavdeling, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Operasjonssjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest fredag 8. november
Fleire av våre trufaste medarbeidarar har nå nådd pensjonsalder og no treng vi deg til å styrke teamet vårt. Hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag, med moglegheiter for ønsketurnus og fleksible arbeidstidsordningar.
Vi kan dekkje flyttekostnader for deg (inntil 20 000,-) og husleige dei 3 første månadane (inntil 30 000,-).
Ved anestesi, intensiv og operasjonsavdeling er det årleg ca 7000 operasjoner fordelt på fleire fagområde.
Ved operasjonsavdelinga jobbar vi innanfor fagområde som ortopedi, kar/endokrin, gynekologi/obstetrikk, gastrokirurgi, urologi, ØNH og Auge.Operasjonssjukepleiar er del av akuttberedskapen ved sjukehuset, som medlem i traumeteam.
Kopier adressa inn i nettlesaren din og hels på oss: www.helse-fonna.no/jobb-i-helse-fonna/operasjonssjukepleiar
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning i operasjonssjukepleie
- Ønskeleg med relevant sjukehuserfaring som operasjonssjukepleiar
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Vere ein god teamarbeidar
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel og tilpasningsdyktig
- Fagleg engasjert
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Triveleg og inspirerande arbeidsmiljø
- Fagleg engasjerte kollegaer
- Eige simulatorsenter ved sjukehuset med etablert treningsopplegg for fagleg utvikling
- Ønsketurnus og fleksible arbeidstidsordninger/tilrettelegging ved individuelle behov
- God pensjonsordning/KLP
- Nærhet til fjord og fjell med gode moglegheiterfor variert friluftsliv
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Anne Kari Kylland, Funksjonsleiar, +47 52755711Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4869833308
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Anne Kari Kylland
Funksjonsleiar
+47 52755711
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2771058
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2eb803a391744e4aad00b6ed05622082