Helsefagarbeidar helgestillingar på natt - Husnestunet/Halsnøytunet
Kvinnherad kommune Husnestunet
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 14%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 25. august
Husnestunet og Halsnøytunet har ledig helgevaktstillingar som helsefagarbeidar - 14,1 - 28,2 % med arbeid 3. kvar helg 1-3 netter.
Stillinga er ledig frå 6. oktober, med moglegheit for intern opplæring i på førehand.
Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkarar, vurderer vi å tilsetje pleiemedarbeidarar i fast stilling. Tilsetjing vil bli føretatt fortløpande.
Halsnøytunet og Husnestunet er to av tre institusjonar i Kvinnherad kommune. Begge tuna har ei felles natteneste og dekker og oppdrag i heimetenesta. Vi har eit pulserande miljø, og mange faglege utfordringar knytta til områder innanfor eldreomsorga. Her kan ein arbeide med palliativ pleie, demensomsorg, somatiske sjukdommar og pasientar innlagt i kommunalt ØH(øyeblikkelig hjelp)-døgntilbod.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning
- Relevant arbeidserfaring
- Førarkort klasse B
- God munnleg og skriftleg norsk framstilling
Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.
Personlege eigenskaper- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
- Ansvarsfull og nøyaktig
- Serviceinnstilt
- Sjølvstendig
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0086fb95-3034-4994-bedd-65626a3f6e13
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3527737_225951_nn