Sokneprest i Vesthordland prosti med Fjell sokn som tenestestad
Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme
Kyrkjehaugen 2, 5357 Fjell, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sokneprest i Vesthordland prosti med Fjell sokn som tenestestad
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Vi har ledig stilling som sokneprest i Vesthordland prosti, med Fjell sokn som tenestestad. Vi ser etter deg som ynskjer å være ein pastoral og samlande leiar for kyrkjelyden vår.
Fjell sokn ligg på Sotra, i Øygarden kommune. Folketalet i kommunen var 40 000 ved inngangen til 2025, og av desse var 28 595 medlemmar i Den norske kyrkja. Fjell kyrkje er ei nyrenovert langskipskyrkja i tre frå 1874. I 2024 var det 64 gudstenester, 37 gravferder, 8 vigslar, 79 konfirmantar og 73 døypte i Fjell sokn. Grunna restaureringa var kyrkja stengd deler av året.
Øygarden har 5 sokn med til saman 8 kyrkjer. Vi er 5 sokneprestar, to prostiprestar og prost som gjer teneste i kyrkjelydane i Øygarden.
Kyrkjelyden sin visjon er «Ei kyrkje for alle». Kyrkjelyden ynskjer at det skal skapast varierte gudstenester der alle generasjonar kan kjenne det meiningsfullt og godt å vere med. Vi har gudsteneste kvar søndag, og kyrkjelyden har eit breitt engasjement med søndagsskule, kor- og klubbaktivitetar for barn og ungdom, skule/barnehage-samarbeid, misjonsengasjement og eit rikt musikkliv. Onsdag er kyrkjedag i Fjell med open kyrkje på dagtid og ulike kveldsarrangement som retreatkveld, foredrag, og musikk-/songkveldar.
Soknepresten blir del av ein stor og kompetent stab i kyrkje i Øygarden med eige sokneteam for dei som primært gjer teneste i Fjell. Øygarden kyrkjelege fellesråd har 50 tilsette med kontor på Straume, på Rong og i nokre av kyrkjene. Soknepresten i Fjell har kontor i Fjell kyrkje. Diakoni og arbeid blant barn og unge, er blant fellesrådet sin satsingar.
Meir informasjon finn du på: www.kyrkja.no/oygarden
Vesthordland prosti dekker kommunane Askøy og Øygarden, med til saman 10 sokn og 13 kyrkjer. I prostiet er det 9 sokneprestar, 3 prostiprestar og prost.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.
Arbeidsoppgåver
- Gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan
- Formidle evangeliet til ulike aldergrupper
- Konfirmantarbeid
- Følgje ulike prosjekt frå ide til gjennomføring
- Samarbeid med stab og frivillige omkring alle sider av kyrkjelyden sitt arbeid
- Rekruttering og oppfølging av frivillige
- Stillinga inngår i Den norske kyrkja si ordning for beredskap
Kvalifikasjonar
- Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande master i teologi med praktikum
- Medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
- Interesse og engasjement for heile bredda av kyrkjelydsarbeidet
- Kommuniserer godt til folk i alle aldrar
- Vere ein tydeleg pastoral og samlande leiar for kyrkjelyden gjennom fokus på gudstenesta
- Evne og vilje til samarbeid
Vi tilbyr
- Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
- Pensjonsordning hos KLP
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- Til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler
- Arbeidsrettleiing (ABV)
Andre opplysningar
Skriftspråket er nynorsk.
Søkjar må ha førerkort og disponere bil.
Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
Kontaktinformasjon
Jan Tommy Fosse, prost i Vesthordland, 92463278Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276
Arbeidssted
Kyrkjehaugen 25357 Fjell
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Den norske kirkeReferansenr.: 5024384498
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Therese Nesse Mokkelbost
HR-sjef i Bjørgvin bispedøme
93612276
Jan Tommy Fosse
prost i Vesthordland
92463278
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
00864ae7-6039-48ad-8718-7e29d42dd711
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b92a72553c7340d9912f4b4129468102