Lærar
Eidet skule, Haram kommune
Vatnevegen 41, 6265 Vatne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest onsdag 14. mai
Har du lyst å vere med og arbeide som lærar på Eidet skule i Haram kommune? Vi søkjer etter tre lærarar til 100% stilling i skuleåret 2025-26. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med om lag 410 elevar frå 1. til 10. trinn. Oppstart for skulen er i august 2025. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek. Du kan vere med og skape ein skulekultur og innhald i den nye skulen til det beste for barn og unge i kommunedelen.
I det komande skuleåret vil vi fokusere på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Vi vil samarbeide tett i kollegiet og det profesjonelle læringsfelleskapet. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av.
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og leie elevane si læring
- Kontaktlæraroppgåver kan vere aktuelt
- Gje elevane omsorg, respekt, anerkjenning og forventningar
- Oppfølging av elevane si faglege og sosiale utvikling
- Verdsette og bidra til eit godt samarbeid mellom skule og heim
- Samarbeide godt med andre faginstansar
- Arbeide aktivt med å skape eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø
- Vere ein aktiv del av eit profesjonsfagleg læringsfelleskap i utviklingsarbeid
- Det er aktuelt med arbeidsoppgåver på alle klassetrinn alt etter skulen sitt behov og kompetansen til søkar
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen og formell utdanning i undervisningsfag
- Det er ein fordel med brei fagkompetanse og at ein stettar formelle krav til undervisning i fleire fag
- Erfaring med arbeid som kontaktlærar tel positivt
- Til eine stillinga ønskjer ein utdanning eller realkompetanse i ASK (alternativ supplerande kommunikasjon)
- Ha gode norskferdigheiter. Vi nyttar nynorsk i opplæringa
- God digital kompetanse
- Godkjent politi- og tuberkulinattest
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- er ein tydeleg og varm klasseleiar med positivt elevsyn
- er god på å byggje relasjonar
- likar å samarbeide tett med kollegaer
- er strukturert og løysingsorientert
- er raus og inkluderande
- er ein lagspelar som deler eigen kompetanse
- har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer
Vi tilbyr
- Ei spanande lærarstilling der ein kan vere med å skape innhald og kultur i ein ny skule
- Topp moderne undervisningslokale og arbeidsplassar
- Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt
skulemiljø - God pensjonsordning gjennom SPK
- Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der svært mykje positiv aktivitet vert skapt
Kontaktinformasjon
Ole André Lukkedal, Rektor, 48112398, ole.andre.lukkedal@haram.kommune.noArbeidsstad
Vatnevegen 416265 VATNE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4962620792
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 14.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2930821
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5731b0c0e4d2409c8e1a388f8b68eae2