Key Account Manager
Norway`s best
5743 Flåm
Om jobben
- Stillingstittel
- Key Account Manager
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 3. februar
Vi søkjer ein strukturert og kommersiell Key Account Manager som vil ha ansvar for utvikling av turoperatørkundar i utvalde geografiske marknader. Rolla kombinerer relasjonsbygging, forhandling og analyse, og passar for deg som trivst med langsiktig kundeansvar og stor grad av sjølvstende.
Du blir ein del av eit engasjert salsteam og får ein sentral rolle i å styrke og vidareutvikle vår posisjon i marknaden.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver
- Heilskapleg kundeansvar for turoperatørar i utvalde marknader (B2B Leisure)
- Vere dedikert kontaktperson for eigen kundeportefølje
- Utvikle kundar gjennom langsiktig samarbeid, meirsalg og kommersielle initiativ
- Planleggje og gjennomføre forhandlingar og kontraktering
- Følgje opp nye leads og eksisterande kundar gjennom strukturert kundedialog
- Analysere salsdata og identifisere vekstpotensial i eigen portefølje
- Planleggje og gjennomføre kundemøter, salsaktivitetar og studieturar
- Delta i nasjonale og internasjonale kundemesser og workshops
(reiseaktivitet samt arbeid på ettermiddag/kveldstid må påreknast) - Samarbeide tett med andre avdelingar for å sikre gode kundeopplevingar
Kva kjenneteiknar dei som lukkast i rolla?
Vi ser etter deg som:
- Tek ansvar for eigen portefølje og skaper framdrift utan tett oppfølging
- Jobbar strukturert med kundar, prioriteringar og salsdata over tid
- Byggjer tillitsfulle B2B-relasjonar og evnar å kombinere relasjon og kommersielle krav
- Er komfortabel med forhandlingar og langsiktige kundeløp
- Trivst i ein variert kvardag med høgt tempo og fleire parallelle oppgåver
Ønskt bakgrunn og erfaring
- Relevant erfaring frå sal, key account management eller kommersiell rolle
(erfaring frå reiseliv/B2B er ein fordel, men ikkje eit krav) - Erfaring med bruk av CRM-verktøy og grunnleggande analyse av salsdata
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
(andre språk er ein fordel) - Relevant utdanning innan sal, marknadsføring eller reiseliv er ønskjeleg, men ikkje avgjerande
Kva tilbyr vi?
- Ein rolle med stor grad av sjølvstende og påverknad
- Langsiktig kundeansvar i eit profesjonelt og engasjert salsteam
- Moglegheit til å utvikle kompetanse innan kommersiell analyse, forhandling og marknadsforståing
- Ein variert arbeidskvardag med både relasjonsarbeid, reise og strategisk kundearbeid
Arbeidsstad: Flåm, Myrkdalen eller Voss.
Me er ein glad og engasjert gjeng i salgsavdelinga som gler oss til å få ein ny kollega. Me ser fram til å høyra frå deg!
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
005173b8-8307-406f-9a14-f356cd4353a7
- Sist endret
19. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7fb4c2d2beb14ff3bcb0bb1bf28377e3
Lignende annonser
Resepsjonsmedarbeidar ved kaikanten
Arbeidsgiver
Fjordsafari Norway AS
Sted
Flåm
Arbeidsgiver
Flåmsbana AS
Sted
Flåm
Arbeidsgiver
Norway`s best
Sted
Flåm