Sjukepleiar i integreringstenesta
Høyanger kommune Høyanger kommune
August Gunnarskogs gate, 6993 Høyanger
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. februar
Integreringstenesta er organisert i eininga kultur og mangfald og treng no vikar for sjukepleiar i 100 % stilling i tidsrommet 01.05.26. – 28.02.27.
Vil du?
• Jobbe med å etablere flyktningar og rettleie dei i det å bu i Norge frå eit helseperspektiv?
• Jobbe førebyggjande og helsefremjande i tråd med lov, forskrift og nasjonale faglege retningslinjer?
• Koordinere tverrfagleg bistand i familiar med samansette behov i eit tverrfagleg samarbeid med kommunale instansar og spesialisthelsetenester?
• Delta i undervisning i livsmeistring i introduksjonsprogrammet?
• Sørge for at dei som kjem får ein god start i Høyanger kommune uavhengig av kor dei kjem frå?
Arbeidet i stillinga er variert og sjølvstendig. Den som blir tilsett må rekne med endringar i arbeidsoppgåvene etter kvart som behova oppstår/endrar seg. Oppgåvene er hovudsakleg innhenting av helseinformasjon frå IMDi og mottaka før flyktningane kjem, bistå når dei kjem til Høyanger og i tida rett etterpå og rettleiing og undervisning innan livsmeistring. Vidare får du ei nøkkelrolle i samarbeidet med legekontor, helsestasjon, barnehage og skule.
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!
Kvifor Høyanger?
• Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
• Eit rikt lag- og organisasjonsliv
• Fokus på samskaping og samarbeid
• Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.
Kvifor søkje hos oss?
• Interessante, viktige og varierte oppgåver i integreringstenesta og på tvers av eininga kultur og mangfald
• Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
• Fleksitid
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
Dine kvalifikasjonar:
• Offentleg godkjenning som sjukepleiar
• Ønskeleg med kompetanse og erfaring frå arbeid med migrasjonshelse
• Evne til tverrfagleg samarbeid på tvers av fagområda, som legetenesta, helsestasjon, psykisk helse, barnevern og andre einingar i kommunen
• God digital kompetanse
• Førarkort kl. B
Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere!
Den som blir tilsett må levere godkjend politiattest før oppstart.
Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med integreringssjukepleiar Benedicte Vågenes Sævdal på telefon 99219344 eller integreringskoordinator Elias Zimmerman Espeseth på tlf. 99219343.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Meir om korleis Høyanger kommune skal arbeide med samfunnsutvikling dei neste åra finn du her:
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Einingsleiar Jeanette Wølke Friis Walsvik
+47 90076139
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
003cc54e-5d84-491c-88c4-a3efa7265f58
- Sist endret
5. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3592477_140387_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Høyanger kommune Helsestasjon
Sted
Høyanger
Arbeidsgiver
Høyanger kommune Tenesteområde helse og omsorg
Sted
Høyanger
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste
Sted
Balestrand