Hopp til innhold

Fagarbeidarar og assistentar

Arbeidsgiver

Undheim skule, Time kommune

Sted

Bjønnholen 10, 4342 Undheim

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Fagarbeidarar og assistentar
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest fredag 29. mai

Me søkjer etter fortrinnsvis fagarbeidarar og/eller assistentar til skulen sin SFO som ligg sentralt i "den grøna bygdå" Undheim. Skulen og SFO er plassert mellom idrettsanlegg, idrettshall og barnehage. 

Me har ledig 2 stillingar 40% i SFO.

Me søkjer deg som vil vere med på ein spanande arbeidskvardag. Fokuset i alt me gjer er på skapa ein god skulekvardag der barn og unge får utvikla seg. Du vil vere ein viktig fagperson, som saman med lærarane og leiinga vil sikra at den einskilde elev vert teken på alvor og sett kvar dag.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil verta varierte. Du vil blant anna samarbeida med lærarar, andre tilsette og føresette samt få ansvar for å følja opp elevar enkeltvis.

Kvalifikasjonar

Relevant utsanning som:

  • fagarbeidar, fortrinnsvis barne- og ungdomsarbeidar.
  • andre med andre fagbrev 
  • assistentar med erfaring frå SFO kan og søke

 

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • Du har pågangsmot og er initiativrik
  • Visar god omsorg og engasjement
  • Du er robust, fleksibel og løysningsorientert
  • Har god relasjonskompetanse
  • Er sjølvstendig samtidig som du er ein lagspelar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Me tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff
  • Ein spanande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.

Kontaktinformasjon

Gerd Rusdal, Rektor, +47 98635393

Arbeidsstad

Bjønnholen 10
4342 Undheim

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5127888587
Stillingsprosent: 40%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 29.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Gerd Rusdal

Rektor

+47 98635393

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0035cee7-c37d-44b3-a4af-be7ada6d367f

Sist endret

11. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

cb7653c0babe4d1190307ec8797216f8

Lignende annonser

Laster lignende annonser