Lege i spesialisering Øre-Nese-Hals sjukdomar
ØNH Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering Øre-Nese-Hals sjukdomar
Oppstart
2. januar 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi har ledig vikariat for Lege i spesialisering innan Øre-Nese- Hals sjukdommar.
Vikariatet er frå 01.01.24 - 31.07.24 med mogelegheit for forlenging.
ØNH-seksjonen har 5 overlegar og 4 LIS, og omfattar hørselssentral og audiopedagogisk eining. Seksjonen dekker eit breidt kirurgisk spekter, bl.a. mellomørekirurgi, bløtdelskirurgi, nese-bihule-operasjoner, larynks og plastisk ansiktskirurgi. Det finnst eit tett samarbeid med barneavdeling herunder barne/nyfødtintensiv og kreftavdeling.
LIS har eiga vaktordning. Det er lagt opp til at LIS får utvikle ferdigheiter i heile faget si bredde. Utdanningsløpet er lagt i kooperasjon med ØNH-avdeling ved St. Olavs universitetssjukehus i Trondheim.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid på poliklinikk
- Sengepostarbeid
- Operasjonar i lokal- og generell anestesi
- LIS har eigen vaktordning
Kvalifikasjonar
- Erfaring innan ØNH-fag og ev andre fag kan vere relevant
- God muntleg og skriftleg norsk kunnskap
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevnene
- Du er strukturert og imøtekommande
- Du er pasientorientert
- Du har gode samarbeids eigenskapar
- Du er engasjert
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø
- Høyt faglig nivå
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i regionen for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.
Kontaktinformasjon
Monika Dahl Berget, Seksjonsleiar, 70105271 , Monika.Berget@helse-mr.noKirsti Stray Slørdahl, Seksjonsoverlege , 70105271
Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4708363785
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.01.2024
Søknadsfrist: 08.10.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2438820
- Hentet fra
talentech
- Referanse
830bbf41547d444482517ada395380ff