Lærar / kontaktlærar
Klepp kommune, Kleppelunden skule
Lunden 3, 4350 Kleppe
Om jobben
Stillingstittel
Lærar / kontaktlærar
Oppstart
1. desember 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 30. oktober
Me treng ein ny lærar snarast til dei eldste elevane. Dette er i utgangspunktet eit vikariat fram til sommaren 2026, men med dei rette kvalifikasjonane kan me tilby deg ei fast stilling på Kleppelunden skule.
Kleppelunden skule er ein ny skule som åpna i august 2024. Det er ein flott skule som ligg i sentrum av Klepp. Skulen ligg svært fint til med turområdet Kleppeloen som næraste nabo. Dette turområdet vert flittig brukt til uteskule. Vi har i år 299 elevar fordelt på 1.-7.trinn.
I Kleppskulen jobbar vi ekstra med kjernekomponentane den engasjerte eleven, profesjonelle læringsfellesskap og læreplanforståing.
På Kleppelunden skule skal me arbeida saman for at elevane skal få ein engasjerande, aktiv og lærerik kvardag. Me arbeider mellom anna strukturert med Oracy, som handlar om å auka elevane sin kompetanse i å tenka, reflektera, kommunisera og forstå seg sjølv og andre, gjennom arbeid med språk.
Me er opptatt av å ha variert og praktisk undervisning, og har godt utstyrte rom som vil danna grunnlaget for å kunna arbeida kreativt. Me har skaparverkstad og er med i Lego League.
Me jobbar for å skape ein ny inkluderande og motiverande kultur der alle føler dei bidrar og er viktige for resultatet.
Arbeidsoppgåver
- planlegga og gjennomføra ei variert undervisning med vekt på elevaktivitet, og som utviklar elevane sin faglege og sosiale kompetanse
- sørge for eit trygt, inkluderande og godt skule- og klassemiljø for alle
- kontaklæraroppgåver kan verte aktuelt
- aktiv deltaking i ulike profesjonssfaglege læringsfellesskap på skulen
- heim-skule samarbeid
Kvalifikasjonar
- godkjent undervisningskompetanse 1.-7. trinn
- kompetanse innan matematikk, norsk, engelsk og musikk er ønskeleg.
- god kunnskap i norsk både munnleg og skriftleg
- du har god forståing og kjennskap til læreplanverket
- du har kompetanse i, interesse for og erfaring med bruk av ulike digitale læringsverktøy
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- i tråd med opplæringslova er tilfredsstillande politiattest ei forutsetning før tilsetting
Personlege eigenskapar
Vi ønsker at du:
- er positiv, fleksibel og har stå- på- vilje
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har godt humør
- er fleksibel og sjølvstendig
- er ein robust klasseleiar
- er strukturert
- er ein dyktig relasjonsbyggar med eit inkluderande elevsyn
- er ein trygg vaksen som trivst i klasserommet
Vi tilbyr
Du får ein unik sjanse til å vere med å bygge ein ny kultur i ein heilt ny skule med flotte fasilitetar både inne og ute. Her får du ein spennande, variert og utviklande jobb der du får vera med å utgjer ein forskjell for elevane, saman med dyktige kollegaer.
Du kan få bruke kreativiteten din på mange ulike område, og saman skal vi skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Rett utanfor skulen er det flotte ute- og turområde og jærstrendene er berre ein sykkeltur unna. Det er god plass til parkering.
Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer forøvrig på dei vilkår og med dei plikter som fremgår av utlysing, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Kontaktinformasjon
Kariann F Leikanger, Rektor, +47 98434386Arbeidsstad
Lunden 34350 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5029371623
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.12.2025
Sluttdato: 19.06.2026
Søknadsfrist: 30.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Kariann F Leikanger
Rektor
+47 98434386
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
001bc38b-ad87-43eb-a567-007044d0e4ff
- Hentet fra
talentech
- Referanse
69ac04993d594b66a156f243a63d3f93
Lignende annonser
Lærar
Arbeidsgiver
Klepp kommune, Engelsvoll skule
Sted
Klepp Stasjon
Arbeidsgiver
Klepp kommune
Sted
Klepp Stasjon, Kleppe
Arbeidsgiver
Oltedal skole, Gjesdal kommune
Sted
Oltedal