Hopp til innhold

Slik skriv du ein god CV

Med nokre enkle grep kan du auke sjansane dine for å bli kalla inn til intervju. Her får du tipsa som gjer at CV-en din blir lagt merke til.

Ein konsentrert person som skriv på datamaskina si

CV og søknad

Arbeidsgjevarar krev ofte både CV og søknad når du søkjer på ein jobb. Start med CV-en fyrst, då er det lettare å skrive søknaden.

Tilpass CV-en

Finn ut kva informasjon som er viktig for arbeidsgjevaren. Tilpass CV-en etter jobben du søkjer på, avhengig av kor mykje arbeidserfaring og utdanning du har.

Personlege opplysningar

Start med å skrive inn opplysningar som namn, fødselsdato, e-post, telefonnummer og adresse.

Utdanning

Legg inn den utdanninga du tok sist. Fag eller namn på utdanninga må vera med. Oppgi lærestad og når utdanninga starta og slutta.

Fagbrev/svennebrev, mesterbrev og autorisasjon

Har du teke yrkesfagleg utdanning og har fagbrev eller svennebrev, bør du leggja det inn i CV-en.

Arbeidserfaring

Start med den siste jobben. Før opp stillingstittel og perioden du jobba der. Du kan også oppgi arbeidsoppgåver og ansvarsområde i stikkordform.

Anna erfaring

Har du erfaring frå til dømes tillitsverv eller frivillig arbeid, bør du inkludere det. Verv frå skule, idrett, bustadlag eller liknande viser at du er villig til å ta ansvar, er sosial og engasjert.

Førarkort

Om du har førarkortet, kan det vera fint å få med det. Og sjølvsagt nødvendig viss stillinga krev førarkort.

Kurs

Før opp dei kursa som er relevante for stillinga du søkjer. Har du teke eit rekneskapskurs, er det relevant for økonomistillingar. Førstehjelpskurs kan vera relevant for enkelte jobbar.

Sertifiseringar og sertifikat

Har du éin eller fleire sertifiseringar, til dømes ADK-sertifisering, tek du det med i CV-en. Truckførarbevis er eit anna døme.

Språk

Før opp språk du meistrar, og på kva nivå munnleg og skriftleg. Hugs å ta med førstespråket ditt (morsmål).

Vitnemål og attestar

Du kan skriva «Eg sender vitnemål og attestar ved førespurnad» i søknaden. Lever aldri frå deg originale dokument. Du må sjølv sørgja for at kopiar og vitnemål er attesterte. Ein kopi med stempel og underskrift viser at kopien er rett, viss arbeidsgivar krev det.

Samandrag

Bruk tid på å formulera eit godt samandrag (nøkkelkvalifikasjonar) som viser at erfaringa di passar til akkurat denne stillinga. Om du søkjer på ei anna stilling seinare, må du spissa samandraget mot den nye stillinga.

Søkjar du på ei stilling innanfor kontor og økonomi, kan eit samandrag til dømes innehalda:

  • 3 års erfaring med saksbehandling og ansvar for eigen kundeportefølje.
  • 8 års erfaring som frivillig besøkskontakt for Røde Kors. Jobben har gjort meg omgjengeleg, imøtekommande og serviceinnstilt.
  • Årsstudium innanfor økonomi, i tillegg to kveldskurs i Excel.

Vidare lesing

Slik skriv du ein god CV - arbeidsplassen.no