Har du hjarte for læring og lyst til å vera ein viktig støttespelar for elevane?
Bømlo kommune
Idrettsvegen 100, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstilling
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 23. september
Ynskjer du å bidra til at barn får utvikle seg i eit trygt og inkluderande miljø? Då kan du vere den læraren me ser etter!
Svortland skule søkjer ein engasjert og raus lærar som vil vere med å jobbe saman for trivsel, læring og skaparglede. Me treng deg som set elevane i sentrum og vil bidra til deira faglege og sosiale utvikling. Det er ynskjeleg med snarleg tiltreding.
Skulen ligg sentralt på Bremnes, med nærleik til barnehagar, idrettsanlegg og andre skular. Me har moderne fasilitetar, gode arbeidsplassar og eit inkluderande arbeidsmiljø. Svortland skule har 326 elevar og 56 tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med læreplanen.
- Vera kontaktlærar.
- Tilretteleggje for elevane si læring og utvikling.
- Bidra til eit inkluderande og trygt læringsmiljø.
- Delta aktivt i skulen sine møte og faglege fellesskap.
- Samarbeide med kollegaer, føresette og andre instansar.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk kompetanse og undervisningskompetanse i minst eit av desse faga: matematikk, norsk, engelsk, samt i andre undervisningsfag og spesialpedagogikk. Anna relevant utdanning kan og bli vurdert.
- Erfaring frå undervisning i barneskulen er ein fordel, men anna undervisningserfaring tel og positivt.
- Erfaring med digitale verktøy i undervisning og kjennskap til læreplanverket.
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg og tydeleg klasseleiar som skapar gode relasjonar med elevane.
- Du samarbeider godt med elevar, føresette og kollegaer, og kommuniserer klart og respektfullt.
- Du er fleksibel, løysingsorientert og handterer krevjande situasjonar med tryggleik.
- Du tek initiativ og bidreg til fagleg og pedagogisk utvikling.
- Du ser kvar enkelt elev og fremjar eit inkluderande læringsmiljø.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb.
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 10-9.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Kari Østensen.
Kontaktinformasjon
Kari Østensen, Rektor v/ Svortland skule, 99386606, Kari.Ostensen@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Idrettsvegen 1005430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5013979971
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 23.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fff40d16-312d-4891-83a8-3fb337c8637e
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6c0536ae538b4d0685513bc838064498