Prosjekteringsleiar - Store bruprosjekt
Samferdselsområdet [samferdsel], Møre og Romsdal fylkeskommune
Borgundvegen 340, 6009 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Prosjekteringsleiar - Store bruprosjekt
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 17. september
Stillinga har kontorstad Ålesund.
Du må rekne med noko reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane. Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag om lag 50 tilsette med kompetanse innafor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonane knytt til veginvesteringsprosjekt, Bypakke Ålesund, ny Remøybru og Steinvågbru, tunneloppgradering og ei rekkje andre bruer og ferjekaier.
Arbeidsoppgåver
- Styre eigne enkeltprosjekt med ulik størrelse og kompleksitet, i heile fylket.- Følgje opp enkeltprosjekta gjennom planlegging, prosjektering og anskaffing.
- Koordinere prosjekteringa med andre seksjonar og fagmiljø i vegavdelinga.
- Delta i valg av kontraktstrategi og utlysing av kontrakter.
- Ha ansvar for å levere enkeltprosjekta innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet.
- Rapportere til prosjektleiar og bistå prosjektleiar i styringa av prosjektporteføljen.
- Samarbeide med dei andre byggeleiarane og kontrollingeniørane i prosjektet og i avdelinga.
Kvalifikasjonar
- Bachelor eller master i ingeniørfag (min. 3-årig ingeniørutdanning frå universitet, høgskule eller liknande).- Det er ønskeleg med erfaring frå prosjektering av betong- og/eller stålkonstruksjonar.
- God kjennskap til digitale verktøy
- Det er ønskeleg med erfaring i bruk av BIM
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Utviklings- og løysningsorientert
- Arbeide nøyaktig og målretta
- Sjå behov og ta ansvar
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Ragnhild Holen Relling, Prosjektleiar store bruprosjekt , 47892170, ragnhild.holen.relling@mrfylke.noTorbjørn Vatnehol, Prosjektsjef, 97714119, torbjorn.vatnehol@mrfylke.no
Arbeidsstad
Borgundvegen 3406009 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5171263284
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.09.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ff9fc15b-6966-40fc-9db5-8e0ab9acac70
- Sist endret
27. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7081e1e3169c4148ab0aeb1d4b92aa53