Undervisningsstilling på vg3 yrkessjåfør ved Sauda vidaregåande skule
Rogaland fylkeskommune
Birkelandsvegen 80, 4200 Sauda
Om jobben
- Stillingstittel
- Undervisningsstilling ved Yrkessjåførutdanninga på Sauda vidaregåande skule
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 16. september
Arbeidsoppgåver:
Sauda vidaregåande skule søkjer lærarar til Vg3 yrkessjåfør. Frå 1. september 2026 har vi ledig inntil 200 % stilling.
Me tilbyr ei spanande stilling der du vil ha hovudansvaret for den praktiske opplæringa på C og CE eller D, for ei fast gruppe elevar kvart semester. Her får du høve til å bli godt kjend med elevane. I tillegg vil du undervise i trafikkfag i klasserommet, i samarbeid med dei andre lærarane på avdelinga. Me tilbyr òg gode moglegheiter for fagleg utvikling, vidareutdanning og etterutdanning.
Ansvars- og fagområde for stillinga:
- undervisning og rettleiing innan aktuelle fag.
- deltaking i teamarbeid innan aktuelle fagseksjonar.
- deltaking i pedagogisk og fagleg utviklingsarbei
Me ser etter deg som har følgjande kvalifikasjonar:
- godkjenning som trafikklærar for tunge køyretøy
- to års relevant utdanning utover vidaregåande skulenivå
- fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring, med relevant arbeidserfaring
- førarkort klasse B, C, CE, D og DE
- praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) eller tilsvarande
- godkjend politiattest er eit krav ved tilsetjing
Dersom det ikkje er søkarar som fyller kompetansekrava for tilsetjing, kan andre søkarar som er i gang med relevant utdanning, tilsetjast på vilkår av at utdanninga blir fullført.
Me ønskjer og at du har:
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- evne til å byggje gode relasjonar til elevar og kollegaer
- evne til å sjå elevane sitt potensial og deira moglegheiter for utvikling
- fagleg engasjement
- ønske om å bidra positivt inn i eit allereie godt arbeidsmiljø
Som tilsett hos oss får du:
- ferie og avspasering i tråd med skuleåret
- utfordrande oppgåver i eit utviklande arbeidsmiljø
- ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapen.
- løns- og arbeidsvilkår etter avtale
- offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår
Dersom du finn denne stillinga interessant, men manglar delar av den formelle kompetansen, oppmodar vi deg likevel til å søkje. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Korleis søkje på stillingar hjå oss
Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha din eigen jobbsøkarkonto.
CV-en blir fylt inn i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.
Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase – Hjelp for jobbsøkjarar
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, sjølv om du har bede om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.
Me set stor pris på jobben du legg ned i søknaden din, og blir veldig glade om du som aktuell søkjar sender inn ein søknad til oss!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Rogaland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsgivarane i fylket, med rundt 4300 tilsette. Me jobbar saman for eit grønt og attraktivt Rogaland. Vil du vere med og byggje eit betre Rogaland saman med dyktige og engasjerte kollegaer?
Vårt samfunnsoppdrag:
Rogaland fylkeskommune står overfor ei spennande tid, prega av både utfordringar og moglegheiter. Gjennom visjonen vår «Saman for eit grønt og attraktivt Rogaland»vil vi forplikte oss til å vere ei drivkraft for god samfunnsutvikling i heile fylket. Denne visjonen er grunnlaget for alt me gjer, og ho speglar målet vårt om å skape eit Rogaland som er attraktivt for både innbyggjarar og besøkande. Rogaland fylkeskommune vil mellom anna: bidra til utvikling av levande og attraktive byar, sentra og lokalsamfunn gjennom kompetanse, nettverksbygging, heilskapleg innsikt og gode prosessverktøy sikre utdannings- og kompetansemoglegheiter i heile fylket bidra til eit kortreist kvardagsliv gjennom samordna areal- og transportplanlegging bistå kommunane med å leggje til rette for ei kunnskapsbasert og heilskapleg bustadforsyning som både tek omsyn til effektiv arealbruk og bustadmangfald jobbe for gode og trafikksikre løysingar for gåande, syklande og dei som reiser
Sauda vidaregåande skule:
Sauda vidaregåande skule er ein kombinert skule med variert tilbod innan yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. I tillegg har skulen førebuande tilbod for minoritetsspråklege elevar. Skulen har status som regionalt kompetansesenter i Indre Ryfylke og er samstundes eit opplæringssenter innan vidaregåande opplæring for vaksne. Det er om lag 450 elevar og 100 tilsette ved skulen. Skulen er den einaste vidaregåande skulen i Indre Ryfylke og er lokalisert tre ulike stader i to kommunar.
Hovudavdelinga ligg på Lofthus i Sauda kommune. Dei andre ligg på Birkeland i Sauda kommune og Sand i Suldal kommune. Skulen har som mål at alle elevane skal trivast og lukkast med utdanninga og framtidsplanane sine. Skulen kan vise til gode resultat gjennom mange år og har ein kultur prega av engasjement, tillit, høg fagleg kompetanse og samarbeid i heile organisasjonen.
Skulen søker nye og framtidsretta løysingar og tilbod. Fleire spennande nisjetilbod gjer at mange elevar flyttar til Sauda eller Sand på hybel og internat. Me fokuserer på å ta imot tilreisande elevar på ein god måte.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ff83b474-1882-4b50-94b1-1821cafd16df
- Sist endret
28. august 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10307337