Sjukepleiar - Stranda omsorgssenter, avdeling sjukeheimen
Stranda distrikt, Stranda kommune
Nymarkvegen 58, 6200 Stranda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar - sjukeheimen
Oppstart
20. oktober 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. august
Det er ledig 2 X 100 % fast stilling som sjukepleiar på Stranda omsorgssenter, avdeling sjukeheimen frå 20.10.25. Arbeid etter til ei kvar tid gjeldande turnus.
Vi er ein engasjert gjeng som er stolt av arbeidsplassen vår, vi har eit godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse. Vi søker ein sjukepleiar som brenn for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Du må vere sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner samt ta utfordringar på strak arm. Fag og samarbeid er viktig for oss. Vi nyttar datasystemet Visma Profil og programmet Visma Ressurs for turnusplanlegging. Oppstart av stillinga blir fortrinnsvis ved korttidsavdeling.
Stranda omsorgssenter avdeling sjukeheimen ligg sentralt i Stranda tettstad. Her er vi samlokalisert med andre pleie- og omsorgstenester.
Sjukeheimen består av 5 avdelingar med 30 rom for langtidsopphald (både demens og somatikk) og 8 rom for korttidsopphald, palliasjon og KAD.
Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. Offentleglova § 25.
Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegge, vurdere og igangsette målretta sjukepleietiltak
- Tverrfagleg samarbeid for å sikre god pasientbehandling
- Legevisitt
- Bidra til godt samarbeid med pasient, pårørande og kollegaer
- Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar.
- Må ha gode norskkunnskaper både muntleg og skriftleg, tilsvarande nivå B2
- Grunnleggande datakunnskap
- Evne til å halde seg fagleg oppdatert
Personlege eigenskapar
- Ynskje om å jobbe med eldre og vere opptatt av høg fagleg kvalitet
- Evner til å jobbe godt i team, men også sjølvstendig
- Ansvarsbevisst, ryddig og ha godt humør
- Bidra til godt arbeidsmiljø
- Det er flott med relevant erfaring, men nyutdanna er hjarteleg velkomne
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver, samt innflytelse på eigen arbeidsdag
- Ungt og fagleg aktivt miljø
- Godt arbeidsmiljø prega av mangfald, fag og humør
- Treningsrom for tilsette
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Funksjonstillegg
- Lønn etter tariff
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Kontaktinformasjon
Liv Skarbø Gjærde, Eininingsleiar, +47 46411180Arbeidsstad
Nymarkvegen 586200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5003667081
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 20.10.2025
Søknadsfrist: 31.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Liv Skarbø Gjærde
Eininingsleiar
+47 46411180
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ff80dc12-a0c3-460c-a886-76df0b65d4da
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e6d13430fb9844e6a50e1e5d630efe78