Nytt liv. Store augeblink. Viktig arbeid. Vi søkjer jordmor!
Askvoll kommune Helse
Askvoll legesenter, 6980 Askvoll
Om jobben
- Stillingstittel
- Askvoll kommune har ledig vikariat, 100% stilling som jordmor frå 22.02.27
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. desember
Jordmor er sentral i arbeidet knytt til reproduktiv helse, helsefremjande og førebyggjande arbeidet i kommunen og vil ha verknad på både det tverrfaglege, innhaldet i tenestetilbodet til gravide, foreldre og barn, og korleis tenestetilbodet vert organisert. Stillinga er i eit interkommunalt samarbeid med nabokommunane Fjaler og Hyllestad med kontordagar i kvar kommune. Askvoll kommune har arbeidsgjevaransvaret.
Arbeidsoppgåver:- Svangerskapsomsorg
- Tidleg heimebesøk etter fødsel i samsvar med Nasjonale retningsliner for barselomsorg
- Foreldrerettleiing
- Helsestasjon for ungdom
- Delta i fagutvikling
- Tverrfagleg samarbeid med naturlege samarbeidspartar innan seksjonen og med spesialisthelsetenesta
- Medverke til eit godt samarbeid i tenestene
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som jordmor
- Det er ynskjeleg med erfaring fra svangerskapsomsorg, ammerettleiing og erfaring med fødsels/barselomsorg ved sjukehus
- Den som blir tilsett må ha førarkort
- Det er krav om framlagd politiattest før oppstart
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
- Like utfordringar og er løysingsorientert
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
- Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
Vi tilbyr:
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- Tenestebil
- Lønn etter gjeldande tariff
- Pensjonsordning i KLP
- Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
feee8ef5-7e76-4ed5-bd36-5548a735866b
- Sist endret
16. november 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3677317_171749_nn