Lege i spesialisering
Nevrologisk avdeling, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 26. september
Innan nevrologi har vi 8 overlegestillingar og 8 stillingar for LIS. Nevrologi er organisert som ei eiga eining i Medisinsk klinikk. Eininga har poliklinikk (generell og spesialpoliklinikk for MS, epilepsi, parkinson, hjerneslag, ALS/Huntington/nevro-onkologi, botox), nevrofysiologisk laboratorium og ein sengepost med 8 senger til generell nevrologi og 6 til slagpasientar.
Nevrologi er eit fag i stadig utvikling, med nye og aukande behandlingsmoglegheiter. Som LIS i nevrologi vil du møte pasientar i alle aldersgrupper med mange spennande sjukdomar og tverrfaglege utfordringar. Samarbeid med andre faggrupper som terapeutar og logopedar er viktig. Vi gir god opplæring før du startar med vakt.
Vi vil ta kontakt med aktuelle søkjarar fortløpande.
Kva går jobben ut på?
- Utredning og behandling av pasientar på sengepost
- Etter kvart deltaking i poliklinisk arbeid
- Deltaking i tverrfaglig samarbeid
- Praktiske prosedyrar som spinalpunksjon og moglegheit for deltaking i botoxbehandling
- Bidra til internundervisning
- Det er for tida 8-delt tilstadevakt i avdelinga
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som lege med fullført LIS 1 (eller du er snart ferdig med turnustenesta)
- Venter du på turnus og er interessert i nevrologi kan du være aktuell for vikariat
- Det er ein fordel med erfaring frå norsk sjukehus
- Gode språkkunnskaper er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er ein entusiastisk lege som ønskjer å bli nevrolog
- byggjer tillit og skaper gode relasjonar
- har motivasjon og interesse for fagfeltet
- bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- er punktleg og påliteleg
Kvifor skal du velje oss?
- Grundig opplæring i prosedyrer og vaktoppgåver
- Fast rettleiing
- Samarbeid med HUS og SUS for gjennomføring av heile LIS-løpet
- Avspasering kvar 8.veke
- Avsett tid til fordjuping 1 dag anna kvar veke
- Aktivt og triveleg internasjonalt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Eirik Haavik, AvdelingsleiarArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5012611663
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Eirik Haavik
Avdelingsleiar
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fecd0e98-098c-4be8-9ef7-d377b99dd415
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e9199ee45d9d4f01b23468e5e8e58c2c