Sundheimen
Øygarden kommune Sundheimen
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 80 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 20. oktober
Vi i Øygarden kommune arbeider aktivt for å tilpasse oss morgondagens behov og sikre gode tenester til våre innbyggjarar. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet, utvikling og trivsel blant våre tilsette. For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av avdelingar og mellom faggrupper finn stad. Vi er opptatt av at vi saman arbeider for å få dette til.
Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert, effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og med fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase.
Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Inntil 10 av 20 omsorgsbustader som ligg i nabobygget er drifta av Sundheimen. Det er politisk vedtak på at fleire omsorgsbustader blir knytt til Sundheimen og omsorgsbustadane. Vi har no ei nyoppretta stilling grunna auka tal på psientar. Brukarane er i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg omsorg for eldre menneskje
- Sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar på natt.
- Ivareta pasientane sine individuelle behov
- Sørge for god dokumentasjon i CosDoc
- Rettleie studentar, elevar og nytilsette
- Handtere velferdsteknologiske løysningar
- Enklare Laboratorie-arbeid
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som sjukepleiar/ vernepleiar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Digital kompetanse
Eigenskapar:
- Du har erfaring frå arbeid i eldreomsorg
- Du evner å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er engasjert og ansvarsbevisst
- Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
- Du er fleksibel , serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
- Du tek initiativ, er positiv, tilpassingsdyktig og tek ansvar
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
- Personleg eignaheit blir vektlagt
Anna:
Stillinga kan evt utvidas med timebank og nngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år, ekstra helg med kompensasjon
Vernepleiar kan bli vurdert for stillinga
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)
Vi tilbyr:- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Gratis parkering med moglegheiter for å lade
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Einingsleiar : Janne Thode , 56160400 /45044569janne.thode@oygarden.kommune.noAvdelingsleiar : Glenn Bjærum. 56160400/ 90076122glenn.bjarum@oygarden.kommune.noØygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fe4febc9-f60c-469b-99b0-f041d9666bf0
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3550777_194033_nn