Hopp til innhold

Veterinær eller fiskehelsebiolog

Arbeidsgiver

Mattilsynet

Sted

6800 Førde, 8006 Bodø

Om jobben

Stillingstittel
Veterinær eller fiskehelsebiolog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. august

Er du ein engasjert veterinær eller fiskehelsebiolog som vil arbeide med akvakultur?
Vi har to ledige stillingar som veterinær eller fiskehelsebiolog i avdeling sjø, med kontorstad i Førde og Bodø. Avdelinga er del av Tilsynsdivisjon akvakultur.
Som veterinær eller fiskehelsebiolog hjå oss får du ein variert arbeidskvardag der du kan nytte kompetansen din i eit samfunnsoppdrag som verkeleg betyr noko. Du vil arbeide med førebygging, tilsyn og beredskap mot sjukdommar hjå akvatiske dyr. Du får delta i å løyse komplekse utfordringar i skjeringspunktet mellom biologi, miljø og samfunn. Vi arbeider kvar dag for å fremje høgare overleving for fisk i akvakultur, for å betre fiskevelferda og ei berekraftig utvikling i norsk akvakulturnæring. 
Hjå oss tek du del i eit engasjert fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling og eit nært og godt samarbeid med dyktige kollegaer. Dersom du trivst med å arbeide saman med andre, tek ansvar for eigen arbeidskvardag og har god rolleforståing, får du høve til å gjere ein konkret forskjell – saman med kollegaer som brenn for faget. 
 
Sentrale arbeidsoppgåver 
  • Oppfølging av anlegg med dårleg velferd. 
  • Arbeid med tiltak for å redusere dødelegheit og velferdsutfordringar. 
  • Inspeksjonar og prøveuttak i akvakulturanlegg. 
  • Setje i verk tiltak ved påvising av alvorlege sjukdommar. 
  • Hjelpe andre team som arbeider med tilsyn ved slakteri, fartøy eller landanlegg. 
  • Rettleiing av næring og publikum. 
  • Andre oppgåver må også reknast med ut frå samla behov og prioriteringar. 

 
Kvalifikasjonskrav
Du må: 
  • Vere veterinær eller fiskehelsebiolog med norsk autorisasjon. 
  • Ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. 
  • Vere trygg i bruk av digitale verktøy og setje deg raskt inn i nye system. 
  • Ha gyldig førarkort klasse B. 

 
Det er ein fordel om du i tillegg har: 
  • Erfaring frå arbeid i havbruksnæringa, men nyutdanna blir også oppmoda om å søkje. 
  • Erfaring frå offentleg forvaltning.

 
Personlege eigenskapar:
  • Du trivst med å arbeide i team og har gode samarbeidsevner, men arbeider og sjølvstendig og tek ansvar for eigne oppgåver. 
  • Du har god rolleforståing og klarer å vurdere faglege problemstillingar i eit heilskapleg perspektiv og å finne gode løysingar. 
  • Du står trygt i dine faglege vurderingar og klarer å stå i krevjande situasjonar. 
  • Du arbeider strukturert og effektivt, har god evne til å prioritere arbeidsoppgåver og er samstundes fleksibel og tilpassar deg endringar. 
  • Du har gode kommunikasjonsevner og kan formidle faglege vurderingar på ein tydeleg og forståeleg måte. 
  • Du bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og til trivsel på arbeidsplassen. 

Personleg eignaheit og korleis du passar inn i teamet vil vere ein viktig del av vurderinga. 
 
Vi tilbyr: 
  • Fast stilling som førsteinspektør (stillingskode 1498), med løn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. Løna for tilsvarande stillingar i Mattilsynet er for tida frå kr 680 000 til kr 780 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn og stilling som seniorinspektør (stillingskode 1499) vurderast. 
  • Gode ordningar for arbeidstida (fleksitid og sommar- og vintertid). 
  • Arbeid med eit spennande og viktig samfunnsoppdrag. 
  • Fagleg utvikling – hjå oss får du tilgang til eit breitt kompetansemiljø og moglegheit til å utvikle deg innan akvamedisin, regelverk og risikostyring. 
  • Fine og moderne kontorlokale. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar. 

 
Kontaktinformasjon 
Har du spørsmål om dei to stillingane, kan du gjerne ta kontakt med leiar for avdelinga Barbo Rimeslaatten Klakegg på telefon 957 31 906 eller e-post barbo.rimeslaatten.klakegg@mattilsynet.no
 
Slik søkjer du 
Søknader blir berre tekne imot elektronisk. Vi ber om at du lastar opp vitnemål via Vitnemålsportalen. Dette sikrar ei enkel og trygg overføring av dokumenta dine. For meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen, sjå vitnemalsportalen.no. Søkjarar som ikkje har moglegheit til dette, kan leggje ved attestar og vitnemål som vedlegg til søknaden.
 

Saman tryggjer vi framtida for mennesker, dyr og natur
Det er både visjonen vår og eit uttrykk for korleis vi jobbar saman for å løyse det viktige samfunnsoppdraget vårt. Vi utviklar organisasjonen og løysningane vi leverer, med utgangspunkt i behova til brukarane våre.
 
I Mattilsynet er vi over 1 200 kollegaer over heile landet, med kompetanse på mange fagfelt. Vi er blant anna veterinærar, biologar, juristar, teknologar og medarbeidarar med bakgrunn innan næringsmiddelproduksjon og forvaltning. Saman bidreg vi blant anna til trygg mat og trygt drikkevatn, god dyrehelse og dyrevelferd og god plantehelse.
 

Mattilsynet er eit statleg forvaltningsorgan og rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Du kan lese meir om oss på mattilsynet.no. 
 

Inkludering og mangfald er ei styrke for Mattilsynet. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene på ein endå betre måte. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer jobb hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg dersom du treng det. Vi bruker berre avkryssingane til å velje ut rette kandidatar og til anonymisert statistikk. 

 

Kontaktperson for stillingen

Barbo Rimeslaatten Klakegg

95731906

Barbo.rimeslaatten.klakegg@mattilsynet.no

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fd6ae1ee-8a40-40ab-85d7-360bc420f753

Sist endret

30. juli 2026

Hentet fra

sap

Referanse

680 659336 M41100

Lignende annonser

Laster lignende annonser