Hopp til innhold

Tednebakkane omsorgssenter

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Tednebakkane omsorgssenter

Sted

Ternholmvegen 53, 5337 Rong

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar 80% fast stilling
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 9. oktober

Om Tednebakkane Omsorgssenter

Tednebakkane omsorgssenter ligg i vakre omgjevnader med utsikt mot Hjeltefjorden på Rong i Øygarden kommune. Vi er ein liten sjukeheim med ei somatisk avdeling, ei demensavdeling og ei skjerma avdeling. Til saman har vi 45 plassar. Kvar avdeling er delt inn i små grupper med 6–8 pasientar. Vi har også eit dagtilbod med opp til 12 plassar.

Vi har god fagdekning med både sjukepleiarar, vernepleiar, ergoterapeut og helsefagarbeidarar. Vi har også vårt eige kjøkken og ei koseleg kantine som serverer varm lunsj på onsdagar og torsdagar. Ønskjer du å bli ein del av det trivelege fellesskapet vårt, er du hjarteleg velkomen til å søkja.

  

Arbeidsoppgåver:

  • Sjå og ivareta den einskilde bebuar sitt hjelpebehov
  • Fremje aktivitet og det sosiale i avdelinga.
  • Dokumentere i journalsystemet CosDoc
  • Primærkontakt
  • Medisinansvar

Kvalifikasjonar:

Må ha: 
  • Autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • Søkere med lang erfaring som pleiemedhjelper kan verta vurdert til stillinga
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar 
Ønskjeleg med: 
  • Erfaring frå arbeid knytt til eldreomsorg
  • Personlege eigenskapar:

    • Gode samarbeidsevner

    • Kunne jobbe sjølvstendig så vel som i tverrfagleg team
    • Godt humør, open, ærleg og lojal.
    • Glad i å jobbe med mennesker og engasjement for eldreomsorgen
    • Personlege eigenskaper vil verta vektlagd 

    Anna:

    Vi har årsturnus med arbeid kvar 3 helg. Det vil være mogleg å ønske langvakter med arbeid kvar 4 helg.

    Vi tilbyr:

    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • IA-bedrift
    • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
    • Interessante utfordringar
    • Høve til fagleg og personleg utvikling

    Kontakt:

    Einingsleiar Hilde Elin Nilsen tlf 47796852 e-post hilde.elin.nilsen@oygarden.kommune.no

    Avdelingsleiar Kjersti H Dagestad tlf 45736293 e-post kjersti.dagstad@øygarden.kommune.no

    Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

    Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Hilde Elin Nilsen

    +47 47796852

    hilde.elin.nilsen@oygarden.kommune.no

    Om bedriften

    Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    fcf63526-bb09-40d2-a7bd-95fd29cb790c

    Sist endret

    25. september 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3665071_192729_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser