Lege i spesialisering innan psykiatri
LIS og turnuslegar psykiatri Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84, 6412 Molde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering innan psykiatri
Oppstart
1. mars 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Vil du vere med på laget vårt?
Vi har no ledige faste utdanningsstillingar i psykiatri frå 01.03.25. Oppstartdato er fleksibel, og kan avtalast ved tilsetting.
Molde sjukehus har 8 ulike seksjonar som saman dekker alle dei obligatoriske områda av spesialistutdanninga i psykiatri. For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga i Molde. Det er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke. Det er ei felles primærvaktording for LIS1 og LIS3 lokalisert på Hjelset. For LIS3 vil denne vere ca 18-delt tilstedevakt. Stillingen vi no lyser ut inngår i rotasjonsordninga.
Hausten 2024 flytta sjukehuspsykiatrien inn i nytt bygg ved det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset, og våren 2025 flyttar resten av somatikken også inn. Oppstartseksjon for stillingen vert avtalt med søkjar.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i tverrfagleg team med ei rekke ulike oppgåver knytta til behandling av dei fleste hovudgrupper av psykiske lidingar
- Sjølvstendig arbeid med oppfølging av pasientar og eksterne samarbeidsaktørar
- Gjere vurderingar i samarbeid med psykiater knytta til medisinske problemstillingar og medikamentell behandling
- Deltaking i vaktordning
- Bidra i rettleiing av LIS1 og medisinstudentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert
- Du har gode samarbeidsevner
- Du kommuniserar godt både internt og eksternt
- Du har stor evne til å arbeide tverrfagleg
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Ei god spesialistutdanning i psykiatri!
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst med eige psykiatritillegg
- Det blir gitt økonomisk dekning for gjennomføring av obligatoriske kurs
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Byen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje
minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling.
Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har
fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar
seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde ogRomsdalen her
Kontaktinformasjon
Geir Magne Nødtvedt, Overlege psykiatri, +47 907 00 202, Geir.Magne.Nodtvedt@helse-mr.noArbeidssted
Parkvegen 846412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4892695886
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2025
Søknadsfrist: 12.01.2025
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2809019
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2902a03f861c430996bc558769a55bc9