Ph.d.-stipendiat i reservoargeofysikk
Universitetet i Bergen
Allégaten 41, 5007 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Ph.d.-stipendiat i reservoargeofysikk
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 15. oktober
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i reservoargeofysikk
Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat innan reservoargeofysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til finansiering frå OMV.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Det overordna målet med dette ph.d.-prosjektet er å undersøkje og kvantifisere korleis avsetningsmiljø og begravingshistorie vil påverke elastiske og seismiske eigenskapar til skifer.
Å forstå dei fysiske, kjemiske og teksturelle eigenskapane til skifer på mikroskala, vil vere særs viktig i utviklinga av teoretiske bergartsfysiske modellar for skifer. På makroskala vil desse modellane vere viktige for å evaluere porøsitet, permeabilitet og forseglingseigenskapar til skifer. På endå større skala vil det vere viktig å forstå bergartsfysiske eigenskapar til skifer for å gjere betre tid-djupn konverteringar, for å sette føringar på lav-frekvens modellar som nyttast i seismisk inversjon, for å oppnå meir robust AVO-analyse, og for å oppskalere heterogene media. Dette er alle viktige oppgåver i seismisk karakterisering av reservoar og CO2-lagring.
Arbeidsoppgåvene i prosjektet vil mellom anna vere å analysere geofysiske data som blir tilgjengeleg for prosjektet, og nye utfordringar som er knytt til skifer på norsk sokkel, kor bergartsfysiske modeller kopla til geologiske prosessar vil vere nyttige. Moglege utfordringar som prosjektet kan ta føre seg inkluderer undergrunnsstabilitet, underkompaksjon/overtrykk, CO2 lekkasje, og evaluering av stratigrafiske feller.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geofysikk (fast jords fysikk), eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Erfaring frå eller kompetanse innan bergartsfysikk er eit krav.
- Erfaring frå eller kompetanse innan seismisk dataanalyse er eit krav.
- Erfaring frå eller kompetanse med programmering (MATLAB, Python) er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiatStipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanningaSom ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Berg
Vi kan tilby:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet).
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer).
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til postdoktor Helene Meling Stemland, Institutt for geovitenskap, helene.stemland@uib.no, +47 95464345 eller professor Isabelle Lecomte, Institutt for geovitenskap, isabelle.lecomte@uib.no, +47 55583417.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Mathilde Høgalmen, mathilde.hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fcbae170-252f-4253-a162-ff8036013a28
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10264108