Hopp til innhold

Aasentunet søkjer formidlar i vikariat!

Arbeidsgiver

Aasentunet

Sted

Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda

Om jobben

Er du idérik med sans for både formidling, pedagogikk og struktur? Vil du skape gode og artige opplevingar med nynorsk historie, språk og litteratur for barn og ungdom? Aasentunet søkjer vikar i 50% stilling som formidlar frå 1. januar 2027 til 30. juni 2027.

Oppstart
1. januar 2027
Stillingstittel
Formidler (kunst og kultur)
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. november

Hva vi ser etter

Vi ønskjer oss ein kreativ og sjølvstendig formidlar, og gjerne nokon med relevant utdanning og pedagogisk erfaring. Røynsle frå museum eller andre formidlingsinstitusjonar kjem godt med. Du bør trivast med å jobbe i høgt tempo, like å snakke framfor større grupper, ha sans for orden og system, vere stø i nynorsk og ha god kjennskap til engelsk.

Arbeidsoppgaver

Hovudoppgåvene som formidlar i Aasentunet vil vere planlegging, organisering og gjennomføring av dei faste tilboda for barn og ungdom: Les for livet, Snakk om språk og Bli kjend med Ivar Aasen. Formidlaren har også ansvar for omvisingar ved barnehage-, skule- og gruppebesøk.

Det kan bli aktuelt med andre oppgåver og arrangement utover dette. Du må rekne med noko helge- og kveldsarbeid i samband med gjennomføring av arrangement og Dei nynorske festspela.

Vi tilbyr

Museumsleiar er nærmaste overordna i eit triveleg og tett arbeidsmiljø. Vi tilbyr ein idémyldrande bedriftskultur og engasjerte kollegaer, ein ryddig organisasjon, ei romsleg fleksitidsordning, medlemskap i Statens pensjonskasse som inkluderer avtalefesta pensjon, og gruppelivsforsikring. Løn i samsvar med det lokale lønssystemet vårt. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke.

Kontaktperson for stillingen

Tone Slenes

museumsleiar

91518822

Om bedriften

Aasentunet er eit av få språkmuseum i Norden. Her kan barn og vaksne oppleve språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk. Aasentunet er ei avdeling i Nynorsk kultursentrum.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum , musea for nynorsk skriftkultur, forvaltar, formidlar og forskar på nynorsk språk og litteratur. Dette skjer i form av arrangement og utstillingar i heile landet og på ulike digitale flater, og ved dei tre musea våre: Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje. Vi når om lag 100 kommunar i heile landet med arrangement og utstillingar kvart år.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fca655f6-1b72-40db-83ac-ebd2d5deb2c2

Sist endret

6. november 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

fca655f6-1b72-40db-83ac-ebd2d5deb2c2

Lignende annonser

Laster lignende annonser