Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Nyfødt intensiv Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. oktober
Vi har ledig 80 - 100% vikariat for Spesialsjukepleiar/sjukepleiar frå snarast til 01.11.2026.
Seksjon for Nyfødt intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus er ein spennande arbeidsplass med 13 pasientplassar. Fire av disse plassane er brukt til høgintensiv behandling og seks plassar er til intermediær behandling. Vi har også familierom hos oss og hjemmesykehus.
Vi dekkjer nyfødt-tilbodet i heile Møre og Romsdal fylke. Vi behandlar premature barn frå svangerskapsveke 26 samt alle andre sjuke, nyfødde born.
Seksjonen har eit godt arbeidsmiljø med flotte, dedikerte og fagleg sterke medarbeidarar. Vi har eit godt tverrfagleg samarbeid både i avdelinga og på tvers i klinikken. Det blir gitt god opplæring over 6 veker ved nytilsetting. Interne omrokkeringer kan gi andre ledige stillingar.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Arbeidsoppgåver
- Varierte sjukepleiprosedyrer og oppgåver relatert til premature og sjuke nyfødde barn
- Legemiddelhandtering
- Bruk av medisinskteknisk utstyr
- Familiebasert omsorg
- Rettleiing
- Tverrfagleg samarbeid
- Kontinuerlig forbetringsarbeid
- Arbeid med kvalitet- og pasientsikkerhet
Kvalifikasjonar
- Spesialsjukepleiar i nyfødtsjukepleie/barnesjukepleie/intensivsjukepleie
- Sjukepleiar utan videreutdanning kan også søke
- Gode samarbeidsevner og et sterkt pasientfokus
Personlege eigenskapar
- Vere fagleg engasjert, initiativrik og pasientorientert
- Kunne trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
- Vere fleksibel, men strukturert
- Vere positiv og ha godt humør
- Kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø og positiv utvikling
- Ha gode evner til samarbeid
- Ha evne til å kunne arbeide sjølvstendig i ein hektisk kvardag
Personlege eigenskapar som er viktige for stillinga vil bli lagt vekt på ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Ann-Iren Vartdal, Seksjonsleiar, Ann-Iren.Vartdal@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5014014208
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 01.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fc29a591-235e-4d4d-a55c-a195562f958a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e9efe427050d4d1f83c03949f962c5f4