Styrar Røn naturbarnehage
Vestre Slidre kommune
Furukollen 1, 2960 Røn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Styrar Røn naturbarnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. juni
Vestre Slidre kommune har ledig styrar stilling ved Røn Naturbarnehage frå 15. september. Har du eit brennande fagleg engasjement for barnehage, søk da vel!
Røn naturbarnehage er ein veletablert barnehage med 3 avdelingar i Røn. Barnehagen har stort fokus på å vera ute, og bruk av nærområde som aktivitetsbase. Vi søker deg som har eit heilheitleg blikk, med evne til å balansere drift og utviklingsarbeid, og evne til å sette tilsette i stand til finne løysingar saman med føresatte og barn .
Arbeidsoppgåver
Styrar skal:
- Leie og vidareutvikle barnehagen i henhald til kommunens verdigrunnlag, vedtekter og retningslinjer
- Leie og vidareutvikle barnehagen i tråd med barnehageloven, rammeplan og anna lovverk
- Bidra til kompetanseutvikling i eigen barnehage og i samarbeid med andre barnehagar og tenestar
- Sørge for oppfølging av det pedagogiske arbeidet
- Skape gode relasjoner med barn, foreldre og tilsette
- Arbeide for å skape eit godt arbeidsmiljø med kvalifiserte og engasjerte medarbeidarar
Kvalifikasjonar
- Godkjent høyskoleutdanning som førskole-/barnehagelærar
- Ynskjeleg med styrarutdanning eller annen godkjent vidareutdanning innan organisasjon/ledelse
- Ledererfaring fortrinnsvis fra styrarstilling
- Gode digitale ferdigheiter
- God økonomiforståing
- Gyldig politiattest legges fram før tiltreding.
- Beherske norsk munnleg og skriftleg (minimum norsk prøve på B2-nivå) Søkjar med utenlandske yrkeskvalifikasjonar må vedlegge dokumentasjon på at dei oppfyller kravet om norskferdigheiter i barnehageloven § 28 b. Søknader utan vedlagt dokumentasjon blir ikkje vurdert.
Ved internt opprykk vil barnehagelærarstilling bli ledig og aktulle søkarar vil bli vurdert.
Personlege eigenskapar
Du må:
- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Vera relasjonsorientert
- Vera ein tydeleg og synleg leiar
- Vise stort engasjement for arbeidsplassen din og sjå ressursane i dine medarbeidarar
- Kunne arbeide systematisk og strukturert
- Like utfordringar, forandringar og vera løysningsorientert
- Ha god gjennomføringsevne
- Ynskje å være ein aktiv deltakar og samskapar av tverrfagleg og tverrtenesteleg samhandling
- Personleg egnaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Ein allsidig og spennande jobb!
- Ein veldreven arbeidsstad, samarbeide og leie eit engasjert/dyktig/faglig sterkt personale
- Arenaer for samarbeid med kolleger og tverrfagleg samhanding
- Utviklingsmoglegheiter som leiar
- Moglegheit for å ha stor påvirkning på eigen arbeidskvardag
- Løn etter avtale og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av
gjeldande lover og reglement - Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Stine Mari Skrindsrud Nordaas, Kommunalsjef Helse og oppvekst, 99539117, stine.nordaas@vestre-slidre.kommune.noArbeidsstad
Furukollen 12960 Røn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 4976713697
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Stine Mari Skrindsrud Nordaas
Kommunalsjef Helse og oppvekst
99539117
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.noSektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fc0b8834-5262-4686-b86f-d0a3c64b3092
- Hentet fra
talentech
- Referanse
93787702179d466e95ff0c20920f1471