Ingeniør medisinsk teknologi
Avdeling for medisinsk teknikk, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ingeniør medisinsk teknologi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. oktober
Vi søker deg som kan og er interessert i drift og vedlikehold av medisinsk utstyr. Jobben omfattar oppgåver i særleg sjølvstendig stilling.
Vår avdeling
Avdeling for medisinsk teknikk har i dag 13 stillingar. Vi tener heile Helse Fonna-området og sjølv om arbeidsplassen for denne stillinga i hovedsak vil vera ved Haugesund sjukehus vil det til tider vera behov for sporadiske turar til dei andre sjukehusa i Helse-Fonna.
Di bakgrunn er frå elektronikk, IKT eller medisinsk teknologi.
For å ivareta sikkerhet for pasientar og personell, skal vi som jobbar med elektromedisinsk utstyr ha samtykke frå DSB. Du treng ikkje ha dette i dag, men vere motivert for naudsynt etterutdanning for å oppnå slik samtykke.
Du er nøkkelpersonell
Det er ikkje mange av oss, men medisintekniske ingeniørar er nøkkelpersonell. Det er vi som gjer det medisinske utstyret tilgjengeleg og driftsikkert for pasientar og helsepersonell.
I kvardagen på eit sjukehus er det lite rom for utsettingar, difor er det viktig å oppretthalde godt vedlikehald for å hindre nedetid. Dersom det oppstår feil må vi raskt få utstyr tilbake i drift for diagnostikk og behandling.
Medisinsk teknikk er spennande
Vår kjerneverksemd er forvaltning, drift og vedlikehald av medisinsk utstyr på sjukehusa, og behandlingshjelpemiddel som pasientar låner med heim.
Avdeling for medisinsk teknikk koordinerer ofte arbeid mellom fleire partar, leverandører av utstyr, Helse Vest IKT og de ulike kliniske avdelingane.
Det skjer spennande teknologisk utvikling innan elektromedisinsk utstyr. Avdelinga vår er i utvikling i samband med at nye fagområder blir ein del av kvardagen. Det meste av medisinsk utstyr har i dag integrert i seg, eller er kopla til ein PC med medisinske avanserte fagprogram.
Områder med særs mykje utvikling er bildeteknologi (radiologi, digital patologi, endoskopi, laboratorieinstrumentering). Andre områder er ulikt utstyr eller system vi ønskjer datafangst frå og til elektronisk medisinsk kurve.
Framover vil også behandlingshjelpemiddel ta i bruk fleire skybaserte løysingar. Slik kan pasienten vere heime, medan utstyret snakkar med avdelinga sine system inne på sjukehusa.
Alt av medisinsk utstyr skal etter kvart snakke saman i nettverk og data skal lagrast på sikker måte i ulike serverløysningar. Sjølv om Helse Vest IKT er Helse Fonna sin leverandør av IKT-tenester, må medisinteknisk avdeling være med i tenesteleveringa når IKT er ein integrert del av det medisinske utstyret.
Kva går jobben ut på?
- Planlegge, utføre og dokumentere forebyggande vedlikehald og/eller reparasjonar på medisinsk utstyr
- Mottakskontroll, registrering og risikovurdering av nytt utstyr
- Utarbeide og revidere prosedyrar for vedlikehold
- Delta i forhandling av serviceavtaler og utarbeide kravspek. ved anskaffelse av nytt utstyr
- Samarbeidspart med kliniske avdelingar, personell og pasientar
- Samarbeidspart med produsent/leverandør av utstyr
- Bidra til selvutvikling, holde seg faglig oppdatert og følge med i den teknologiske utviklinga
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Ingeniørhøgskole innan medisinsk teknikk, IKT, elektronikk eller tilsvarende
- Realkompetanse kan erstatte formalkompetanse
- Det er ønskeleg med gode IKT-kunnskaper
- Ønskeleg med samtykke frå DSB til sjølvstendig å kunne utføre reparasjonar på medisinsk utstyr. Søkjarar utan samtykke må vere motivert for nødvendig etterutdanning for å oppnå dette.
- Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg er ei føresetnad for tilsetjing. Søkere med annet morsmål en nordisk må dokumentere bestått Bergenstest, eller tilsvarende norsk nivå B2 og C1
- Må ha sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har gode kommunikasjonsevner og liker å jobbe både sjølvstendig og i team
- er initiativrik med gjennomføringsevne
- har høg arbeidkapasitet og trivst med varierte utfordringar
- likar å finne løysingar der det ikkje finnes ei oppskrift
- evnar å vere serviceinnstilt i ein travel kvardag i stadig endring
- kan prioritere rett og arbeide systematisk
Kvifor skal du velje oss?
- Eit godt arbeidsmiljø i en avdeling med høy fagkunnskap og varierte arbeidsoppgaver
- En trygg og fremtidsrettet arbeidsplass
- Opplæring innan fagområdet, servicekurs internt og eksternt
- Løn etter avtale
- Moglegheit for fleksitidsavtale
Kontaktinformasjon
Svein Morten Lervik, Avdelingsleiar, +47 52 73 21 90Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5016767211
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Svein Morten Lervik
Avdelingsleiar
+47 52 73 21 90
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fb7cf939-3147-44a6-884d-a736c11de2ba
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f7a3d146d2844f6c8053a3a5ab496e35