Vil du vere med og styrke arbeidet knytt til databehandleravtaler og samhandlingsavtaler i UDI?
UDI
Innspurten 11D, 0663 Oslo
Om jobben
Stillingstittel
Avtaleforvalter personvernteamet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
Vi søkjer ein dyktig avtaleforvalter til personvernteamet vårt! Personvernteamet gir råd og rettleiar heile verksemda om personvern, samstundes som vi arbeider strategisk med personvern etter ei risikobasert tilnærming. I tillegg vil teamet no få ansvar for å bistå med databehandleravtaler og forvaltninga av samhandlingsavtaler med etatane rundt oss.
I UDI får du moglegheita til spesialisere deg innafor databehandleravtaler og samhandling i eit personvernperspektiv i eit profesjonelt fagmiljø med spisskompetanse innanfor personvern. Personvernteamet består i dag av fem personvernrådgivarar. Personvernteamet er organisatorisk plassert i Digitaliseringsavdelinga (DIGA), ei dynamisk, innovativ og framtidsretta avdeling med i overkant av 170 tilsette og 100 konsulentar.
Hos oss skjer det mykje spanande! Utlendingsdirektoratet (UDI) har sett i gang eit stort moderniseringsprogram, der vi dei neste seks åra skal utvikle heilt nye IT-system. Desse systema er avgjerande både for nasjonal tryggleik, for alle som søkjer opphald i Noreg og for medarbeidarane våre. Saman med UD, UNE og Politiet har vi fått over 2 milliardar kroner til å byggje nye løysingar frå botnen av. I forbindelse med dette vil det bli behov for å revidere eksisterande avtaler og å inngå nye.
Vi søkjer ein motivert og ansvarsmedviten kollega til ei interessant stilling i eit aktivt og profesjonelt fagmiljø. Vi legg stor vekt på å bygge eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø, prega av samarbeid, humor og rausheit. Vi er ein sosial gjeng med nerdar som arbeider etter smidig metodikk og er opptekne av kontinuerleg utvikling av kompetanse og arbeidsmetodar i teamet. Dersom du ønskjer å bidra til vårt viktige samfunnsoppdrag i eit dynamisk og kompetent team, er dette stillinga for deg!
Vil du vite meir om Moderniseringa av Utlendingsforvaltninga (Modulf)? Gå til Spotify og søk opp UDI-innsikt. Der finn du podkast-episodar om Modulf-programmet og pågåande rekruttering. Du kan òg få meir informasjon og sjå videoar ved å gå inn på Modulf - Et av landets største digitaliseringsprosjekter.
Arbeidsoppgåver
I stillinga som avtaleforvaltar i personvernteamet vil du mellom anna:
- Ha ansvar for utarbeidelse av avtalemaler, samhandling med våre samarbeidspartnere knytt til utarbeidelse av avtaler, koordinering internt, herunder sørge for effektive rutiner for revisjon av inngåtte avtaler
- Bidra til etterleving av EUs personvernforordning og norsk personvernlovgjeving i databehandleravtaler og samhandlingsavtaler UDI inngår
- Gi råd og rettleiing om regelverket i databehandleravtalar, inkludert å sikre eit godt beslutningsgrunnlag for UDIs leiing
- Forvaltning av samhandlingsavtaler
- Gi råd og rettleie team og prosjekt slik at dei kan ivareta personvernregelverket i samband med inngåing av avtalar
- Bidra i oppgåveløysing i personvernteamet
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap/master i forvaltningsinformatikk
- Ønskelig med erfaring med forhandlinger og forvaltning av avtaler
- Ønskelig med erfaring med oppfølging av samarbeidspartnere
- God juridisk forståelse
- Kjennskap til personvernregelverket og forvaltningsrett
- For stilling som seniorrådgivar er det krav om relevant arbeidserfaring med avtalearbeid eller personvern
- Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, gjerne òg god framstillingsevne på engelsk
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Er ansvarsmedviten
- Jobbar strukturert og sjølvstendig
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er løysingsorientert og initiativrik
- Har god gjennomføringsevne
- Har evne til å tenkje langsiktig i ein operativ kvardag
Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig er ei føresetnad for å lykkast i rolla. Personleg eignaheit, gode faglege kvalifikasjonar og fleksibilitet i arbeidsoppgåver vil bli særleg vektlagt.
Difor bør du velje oss
Bli med på å forme arbeidet med personvern i ei verksemd med eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag. Vi har høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar. Verdsbegivenheiter påverkar jobben vår direkte, og vi er vande med å justere oss raskt etter svingingane i migrasjonen til landet. Profesjonalitet, menneskeverd og heilskap er verdiane våre. Dei er viktige for oss og skal påverke korleis vi løyser oppgåvene våre kvar dag.
Vi held til i nye og flotte lokale på Helsfyr, med ei svært god kantine. Vi tilbyr gode ordningar som sommartid, trening i arbeidstida, fleksitid, fleksibel arbeidsplass – og ikkje minst dei aller beste kollegaene (meiner vi).
Stillinga er løna som seniorrådgivar (1364) i lønnsspennet kr 650 000 – 950 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Det blir trekt to prosent av lønna di til Statens pensjonskasse, noko som gir deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar.
Praktisk informasjonDu søkjer på stillinga via søknadssystemet Webcruiter. Du må fylle ut CV og søknadsfelt sjølv om du vel å leggje ved dette i eige format i tillegg. Du må òg leggje ved vitnemål, som du via Webcruiter lastar opp frå Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Har du utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no), og vitnemål frå utdanninga må leggjast ved.
I Utlendingsdirektoratet er vi opptekne av mangfald. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandringsbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer stilling hos oss. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte til å søkje hos oss.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste i samsvar med offentleglova § 25. Det er mogleg å be om å bli unnateken frå denne lista, men då må du grunngje ønsket. Dersom ønsket ikkje kan innvilgast, tek vi kontakt med deg på førehand.
I samarbeid med ekstern leverandør brukar UDI bakgrunnssjekk. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi stadfestar CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
Kontaktinformasjon
Laila Enerstvedt Fimreite , Seksjonssjef , 480 54 373Arbeidssted
Innspurten 11D0663 OSLO
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: UDIReferansenr.: 5029353662
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Laila Enerstvedt Fimreite
Seksjonssjef
480 54 373
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fb7b4c07-09ec-4c08-9ed8-c0c58fd4e7c2
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2d4f4bcf223b4eb2bad91e8c39607e6c