Familieterapeut/fagutviklar - Samnangerhjelpa
Samnanger kommune
Tyssevegen 108, 5650 Tysse
Om jobben
- Stillingstittel
- Familieterapeut/fagutviklar - Samnangerhjelpa
- Type ansettelse
- Prosjekt, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 4. desember
Om stillinga
Ser du både menneska og systema rundt dei?Brenn du for relasjonelle samtalar, men har også eit blikk for korleis me kan utvikle betre tenester? Då kan dette vere stillinga for deg!
I Samnangerhjelpa, knappe 40 minutt med bil frå Bergen sentrum, søker me ein familieterapeut som ønsker å gjere ein forskjell – både i møte med barn, unge og familiar, og gjennom utvikling av gode faglige arbeidsformer.
Me ser etter deg som tenker heilskaplig, ser muligheter og trivst med å skape gode løysingar saman med andre. Hos oss får du kombinere terapeutisk arbeid med fagutvikling i eit tverrfaglig miljø, der det er kort veg frå idé til handling.
Me søker familieterapeut/fagutviklar til ei 100 % eittårig prosjektstilling.Samnangerhjelpa er kommunen sitt tverrfaglige lågterskeltilbod der innbyggjarane kan få hjelp utan tilvising. Me arbeider etter prinsippet om «éi dør inn», med mål om å gi tidlig og tilgjengelig hjelp og sikre god samhandling rundt dei som treng det.
Samnangerhjelpa er organisert under Førebyggande tenester, som omfattar helsestasjon, psykisk helse og rus, kommunepsykolog og fysio- og ergoterapitenesta. Me er eit tverrfaglig fagmiljø som arbeider med førebygging, tidlig innsats og heilskaplig oppfølging av innbyggjarane. Me samarbeider tett med mellom anna barnevern, Nav, barnehage, skule og fastlegar.
Stillinga er finansiert gjennom tilskot frå Statsforvaltaren i Vestland, med særleg vekt på å styrke det psykiske helsetilbodet til barn, unge og familiar.
Du vil i hovudsak arbeide med direkte familieterapeutisk oppfølging, kombinert med fagutvikling og tverrfaglig samarbeid. Stillinga gir mulighet til å bidra aktivt til vidareutviklinga av Samnangerhjelpa.
Det kan vere mulighet for vidareføring av stillinga, avhengig av framtidige tilskot og kommunen sine økonomiske prioriteringar.
Arbeidsoppgåver
- Familieterapeutiske samtalar og oppfølging av barn, unge, foreldre og familiar
- Foreldrerettleiing med vekt på relasjonar, samspel og meistring
- Kartlegging av ressursar, utfordringar og hjelpebehov
- Gi tidlig og målretta hjelp ved psykiske helseutfordringar
- Bidra til utvikling og gjennomføring av individuelle og gruppebaserte tilbod
- Bidra til fagutvikling, kvalitetsforbetring og kunnskapsbasert praksis i Samnangerhjelpa
- Medverke til utvikling av gode arbeidsmetodar, rutinar og tverrfaglige samarbeidsformer
- Bidra med systemisk forståing og faglige perspektiv i vidareutviklinga av tenesta
- Legge til rette for brukarmedverknad (eks. KOR/FIT) og bidra til evaluering og forbetring av tenestetilbodet
- Samarbeide tett med andre kommunale tenester og aktuelle samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
Krav- Relevant helse- eller sosialfaglig utdanning på minimum bachelornivå
- Vidareutdanning i familieterapi eller anna relevant terapeutisk vidareutdanning
- Erfaring frå terapeutisk arbeid med barn, unge og familiar
- God systemisk forståing og erfaring med relasjonelt arbeid
- God kunnskap om psykisk helse, relasjonar og familiearbeid
- Gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk digitale verktøy i klinisk arbeid, samhandling og fagutvikling
- God skriftlig og munnlig framstillingsevne på norsk
- Førarkort klasse B og mulighet til å disponere eigen bil i tenesta
- Mastergrad i familieterapi eller anna relevant masterutdanning
- Erfaring frå kommunale helse- og oppveksttenester
- Erfaring med fagutvikling, kvalitetsarbeid eller tenesteutvikling
- Kjennskap til eller erfaring med tenestedesign, brukarmedverknad og samskaping
- Erfaring med tverrfaglig samarbeid og samordning av tenester
- Kjennskap til Betre Tverrfaglig Innsats (BTI) eller tilsvarande samhandlingsmodellar
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:- Er trygg, empatisk og har gode relasjonelle ferdigheiter
- Har eit godt systemisk blikk og evne til å sjå samanhengar mellom individ, familie og tenestene rundt
- Er fagleg engasjert, nysgjerrig og utviklingsorientert
- Arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
- Er initiativrik, løysingsorientert og evnar å omsetje idear til praktisk handling
- Har gode samarbeidsevner og trivst i eit tverrfaglig arbeidsmiljø
- Er fleksibel og tilpassingsdyktig i møte med ulike behov og situasjonar
Bidrar positivt til arbeidsmiljøet og deler gjerne kunnskap og erfaringar med andre
Personlig eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Me tilbyr
- Ei spennande og variert prosjektstilling der du får kombinere klinisk arbeid med fagutvikling
- Mulighet til å påverke og bidra til vidareutviklinga av eit viktig kommunalt lågterskeltilbod
- Eit engasjert og tverrfaglig arbeidsmiljø med høg faglig kompetanse
- Tett samarbeid med kommunepsykolog, familieterapeut, helsesjukepleiar og andre fagpersonar
- Varierte arbeidsoppgåver og gode muligheter for faglig utvikling
- Ein arbeidsplass med korte beslutningsvegar og rom for initiativ og nytenking
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
- Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte til å søkja jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk eller kulturell bakgrunn. Dersom du har utanlandsk utdanning, må denne vera godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fb291ce7-ea5f-4503-b630-8f2231677229
- Sist endret
19. november 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10316515