Vera med å utvikla framtidas småkraftverk?
Proxima Hydrotech AS
5472 Seimsfoss
Om jobben
- Stillingstittel
- Energimontør / energioperatør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Proxima Hydrotech AS er i vekst og søkjer no ein dyktig og engasjert energi-montør/operatør. Hjå oss får du ein variert arbeidsdag med drift, vedlikehald og utvikling av småkraftverk - i eit fagleg og inkluderande miljø!
Sentrale arbeidsoppgåver:-
Vedlikehald av elektro-mekanisk utrustning på kraftverk
-
Planlegging og dokumentasjon
-
Utstrekt reiseverksemd
-
Del av vaktlag på vår driftssentral
-
Fagbrev som energimontør eller energioperatør
-
Strukturert og sjølvstendig
-
Førarkort kl. B/BE
-
Likar utfordringar, tverrfaglegheit og samarbeid
-
Erfaring frå småkraftbransjen er ynskjeleg, men ikkje eit krav
-
Fagleg dyktig, strukturert og løysningsorientert
-
Serviceinnstilt og sjølvstendig
-
Likar utfordringar og samarbeid. Evnar å skape tillit
Me kan mellom anna tilby:
-
Ei stilling med personlege utviklingsmoglegheiter
-
Moglegheit til å vera med å forma eit firma i vekst
-
Gode pensjon og forsikringsordningar
-
Positivt og engasjerande miljø
Arbeidsstad: Kvinnherad eller Bergen.
Høyrest dette spennande ut?For meir informasjon, ta kontakt med fagleg ansvarleg Øyvind Digranes Mobil 41 64 76 74,eller dagleg leiar, Anita Alsaker Mobil 98 22 76 45.
Kortfatta søknad med CV sendes snarast og seinast 20. januar til post@proximahydrotech.no. Søknader vert vurdert fortløpande.
Om bedriften
Proxima Hydrotech AS er spesialist på drift og vedlikehald av småkraftverk. Me har kundar i heile Noreg. I tillegg til å drifte kraftverk tilbyr me tilstandskontrollar, driftsleiartenester, vedlikehald og rådgjevingstenester. Me nyttar eit eigenutvikla driftsovervakingssystem i samband med drift av kraftverk. Dette systemet er og eit produkt me sel til andre som driftar kraftverk.
I dag driftar me over 70 maskiner og har serviceavtale med rundt 200 småkraftverk. Pr. i dag er me lokalisert på Seimsfoss i Kvinnherad kor me har hovudkontoret vårt. I tillegg har me avdelingskontor i Dale i Sunnfjord og i Bergen. Les meir om oss på www.proximahydrotech.no
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fae82e20-cc09-4ede-8343-7a77621da091
- Sist endret
7. januar 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
444751471
Lignende annonser
Rådgiver elkraft
Arbeidsgiver
Multiconsult
Sted
Stord
Automasjonsingeniør
Arbeidsgiver
Sunnhordland Mek Verksted AS
Sted
Skånevik
Produksjonsingeniør
Arbeidsgiver
Framo Fusa AS
Sted
Fusa