Verksbetjent
Bergen fengsel
Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Verksbetjent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
Om stillinga
Bergen fengsel har 2 nyoppretta faste 100% stillingar som verksbetjent på dagtid.
I Bergen Fengsel er det mange arbeidsoppgåver og aktivitetar som skal gjennomførast saman med dei innsette. For at me skal ha eit
velfungerande lite samfunn, treng me motiverte verksbetjenter som kan hjelpa oss i å halda oppe aktiviteten og drifta i fengselet.
Formålet med stillingane er å tilstrebe at innsette får 8 timar utlåsning, meiningsfull menneskeleg kontakt og dermed redusera negative skadeverknader som følgje av isolasjon.
Ein verksbetjent skal ha evne til å leie opplæring, sysselsetjing og oppfølging av innsette og ta sjølvstendige avgjerder innanfor eige arbeidsområde. Verksbetjent skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konfliktløysing og i tillegg vere ein samtalepartnar og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta fagleg kvalifiseringsarbeid med innsette.
Er du ein engasjert, positiv og raus person som brenn for å gjera ein forskjell? Har du interessar og hobbyar som du ynskjer å læra bort? Trivst du med å aktivisera andre? Då ynskjer me at du søkjer hos oss :)
👉Blei du nysgjerrig på korleis det er å jobbe hos oss? Klikk her for å sjå filmen og bli inspirert.
. Video: https://youtu.be/yPsJr8ExqtsArbeidsoppgåver
- leie opplæring, sysselsetjing og oppfølging av innsette
- sysselsetja innsette i praktiske oppgåver som:
- stell av uteområder
- ulike lavterskel aktivitetar
- arbeidsleiar for ei gruppe innsette som saman med dei tilsette skal bidra til å nå produksjonsmåla for avdelinga
- planleggje aktivitetar ut i frå innsettes aktivitetsnivå
- rettleie innsette til vekst og meistring
- evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha- relevant fagbrev. Relevant erfaring kan erstatta krav om fagbrev
- god munnleg og skriftleg norsk framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- plettfri vandel
- erfaring med kunnskapsdeling/kunnskapsformidling
- erfaring med å handtere menneskjer i sårbare situasjonar
Den som vert tilsett, må vere villig til å gjennomføra kriminalomsorga si utdanning som verksbetjent.
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og systematisk med arbeidskvardagen til dei innsette
- evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
- du må vere tolmodig, ansvarsfull og fleksibel og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
- lojalitet og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- verdiar i tråd med kriminalomsorgen
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag.
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- kantine, gratis parkering og bedriftsidrettslag
- arbeidstid på dagtid
Stillinga vert lønt som Verksbetjent 0275, i eit lønnspenn frå kr 458 000 – 573 000, avhengig av kvalifikasjoner, det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Trond Sture - Verksmeister
tlf. 55 39 3700 / 3800 eller trond.sture@kriminalomsorg.no
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fa7c1e0f-8a46-4033-a4b1-84802401b0e2
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10262041