Helland barnehage
Vestnes kommune Helland barnehage
Myra 1, 6390 Vestnes
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 31. juli
Vi har behov for fleire dyktige tilkallingsvikarar ved Helland barnehage.
Arbeidsoppgåver
Arbeid i barnehage inneheld oppgåver som:
- medansvar for avdeling og det pedagogiske innhaldet i samarbeid med det øvrige personalet
- medansvar for planlegging, gjennomføring og tilrettelegging av det pedagogiske innhaldet
- medansvar for utviklingsarbeid
- foreldresamarbeid
- vere ein aktiv del av barnehagen sitt personale
- vise omsorg og vere til stades for enkeltbarn og barnegruppa
- praktisk arbeid og tilrettelegging
Kvalifikasjonar
Vi søker etter deg som er barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar. Dersom vi ikkje får nok kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte verte tilsett.
- må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- må ha gode kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
- er aktiv og engasjert
- har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling
- har evne til å vise omsorg, sjå og anerkjenne barn
- er eit godt språkleg førebilde
- er fleksibel
- er stabil og ansvarsbevisst
- har evne til å ta imot rettleiing, rådgjeving og opplæring
- har evne til å samarbeide, arbeide i team, men og sjølvstendig
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale fortløpande.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje
mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2644479
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3347703_192479_nn