Er du vår nye oppdragsleiar?
Møre og Romsdal Politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Oppdragsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. januar
Om stillinga
Vi har ledig ei fast stilling som oppdragsleiar, politioverbetjent SKO 0287, ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt.
Operasjonssentralen er leiing- og koordineringsssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd i distriktet. Vi handterer politiet sine naudmeldingar (112) og andre meldingar frå publikum og samvirkeaktørar.
I stillinga som oppdragsleiar vil dine hovudoppgåver vere å leie og koordinere oppdrag etter føringar frå operasjonsleiar, til dømes enkeltoppdrag eller for eit geografisk område.
Du vil inngå i ein tredelt turnus med for tida arbeid kvar tredje helg. I sommerferieavviklinga er det anna kvar helg, i den perioden ein ikkje er ute i ferie sjølv.
Felles eining for operative tenester (FOT) består av to seksjonar, seksjon for operativ styring og seksjon for operative fag, øving og beredskap. Stillinga som oppdragsleiar er organisert under seksjon for operativ styring. Operasjonssentralen er plassert i politihuset i Ålesund. Sentralen er samlokalisert med 110-sentralen i Møre og Romsdal. Oppmøtestad er i Ålesund. Litt reiseverksemd kan forekomme.
Vi oppmodar kvinner til å søkje på stillinga.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som vil vere med og leie situasjonsbestemt og vere tett på i oppdragsløysinga til politiet. Derfor treng vi deg som har gode leiareigenskapar, kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar.
Vi stiller høge krav til fagleg motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåver
- Leie og koordinere oppdrag etter føringar frå operasjonsleiar
- Sørgje for å kvalitetssikre og understøtte operatørane sitt arbeid
- Sørgje for god kommunikasjon med innsatsleiar eller annan utpeikt leiar på taktisk nivå
- Sørgje for god kommunikasjon og samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Bistå operasjonsleiar med handtering av media, samt informere befolkninga ihht. sentrale og lokale retningslinjer
- Bistå operasjonsleiar med å vareta ansvar for HMS-tiltak for tenestepersonar i aktiv teneste
- Bistå operasjonsleiar med registrering i TTA
- Sørgje for at oppdrag i PO avsluttast, ordning etter avtale med operasjonsleiar, og at ein til ein kvar tid har ein oppdatert logg
- Må kunne overta rolla som operasjonsleiar når operasjonsleiar er ute av rommet
- Bistå operasjonsleiar ved mediehandtering
- Rettleie øvrige tilsette ved operasjonssentralen
- Bidra til god leiing og vidareutvikling av eigen seksjon
- Utføre oppgåver skildra i "rutiner vedrørende arbeidsfordeling samt gjøremål for OL og ODL"
- Skal i utgangspunktet ikke besvare 02800 telefoner, dette blir vurdert fortlaupande
- I tilfelle der operatør ikkje har kapasitet og det ikkje er mogleg med ei omprioritering av operatør til å ta 112-telefonar skal oppdragsleiar bistå
- Kan etter nærmare godkjenning fungere som operasjonsleiar på enkeltståande vakter
- Kan av seksjonsleiar påleggast andre arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Fullført og bestått politi(høg)skule
- Brei erfaring frå politiet sine gjeremål, herunder ordensteneste og etterforsking
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
- Kjennskap til politiet sine operative styringssystem
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
- Må kunne klarerast for HEMMELEG/Nato secret jfr. sikkerhetsloven
Det er også ønskjeleg med:
- Relevant leiarutdanning
- Erfaring frå operasjonssentralen
- Erfaring som leiar
Personlege eigenskapar
- Gode leiareigenskapar, herunder kunne leie situasjonsbestemt og har god evne til å motivere medarbeidarane
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner
- Høg stresstoleranse
- Endringsvillig
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ei utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
- Fast stilling som politioverbetjent 0287 i Møre og Romsdal politidistrikt
- Lønn frå kroner frå kr. 680 000 – kr. 710 000.
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Godtgjering etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon. Det trekkast to prosent av lønna til SPK.
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste.
- Mogelegheit til trening i arbeidstida
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Slik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcKontaktperson for stillingen
Jørgen Molnes
Avsnittsleiar
+47 41440454
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f9e0c09b-4ab2-4449-86ec-4712cb9c929b
- Sist endret
16. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10273872
Lignende annonser
Politifaglig etterforskningsleder
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
TEAM NORSO
Sted
Bodø, Trondheim, Rena, Oslo, Bergen, Stavanger, Arendal, Drammen, Hammerfest, Sør-Varanger, Vardø, Molde, Ålesund, Brønnøy, Målselv, Tromsø, Steinkjer
Rådgiver/seniorrådgiver - Sikkerhetsleder
Arbeidsgiver
Navigasjonsteknologi og maritime tjenester, Kystverket
Sted
Ålesund